Boktips

Tyl

Marianne Tyl
ForfattarFinn Tokvam og Halvor Folgerø
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

«Tyl» av Finn Tokvam og Halvor Folgerø (2005) handlar om Ove.

Boka har mange komiske situasjonar; situasjonar å kjenne seg att i og situasjonar å kjenne att andre i. Alle med ein liten bismak, om eg skal vere ærleg.

Ove Ullkvam er i 30-åra, ungkar og postmann i ei lita bygd på Vestlandet. Han er mykje saman med barndomsvenen Ragnar, som er rappkjefta og har draget på damene. Ragnar er vel rake motsetninga av Ove, som heller jattar med alle han møter og ikkje får heilt teken på det med å dra damer.

Men, Ove var saman med populære Cecilie nokre år, før ho flytte til Bergen for å studere. På Vossajazz blir han tilfeldigvis kjend med Sarah og den velkjende søte musikken oppstår. Men korleis går det til slutt; held dei saman, flytter han til ho i Oslo eller ho til han på Vestlandet; blir han buande i bygda han aldri ville flytte ifrå eller tek han sjansen på eit anna liv likevel?

Tokvam og Folgerø har gode, treffande poeng og godt språk. Historia om Ove er både morosam og sår. Ove slit med å finne ut kva han vil og kven han eigentleg er, han er fastlåst i bygda på fleire måtar.

Det er vanskeleg å vere beskjeden; både i møte med livet, kravstore postkundar og damene. Samstundes som eg humrar og tidvis ler høgt av situasjonane, så får eg litt vondt av Ove. Eg smiler mot slutten av boka og tenker at Ove tek dei rette vala til slutt.

Les eller høyr boka om du vil vite kvifor.

Eg høyrde boka på BookBites. Den er lest inn av Anders Eide, og stemma hans passa veldig godt, som den gjer på dei andre bøkene eg høyrt med han. På appen BookBites får du bøker frå biblioteket gratis, både lydbøker og lesebøker.

Spør oss om du vil vite meir!

Fleire boktips