Boktips

Jeg kan ikke trylle

Jegkanikketryllebilde
ForfattarMarianne Teie
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Romanen «Jeg kan ikke trylle» av Marianne Teie startar med at forteljar og hovudperson, Janis, kjem ut frå ein stad vi skjønar ho har vore lenge. Kor og kvifor står det ingenting om, men som lesar skjønar ein likevel fort at ho nettopp har kome ut ifrå fengsel. Allereie ifrå første side kjenner vi på eit ubehag. For kvifor var stille, forsiktige Janis i fengsel?

Etter livet i fengsel følger vi Janis som flyttar inn att i barndomsheimen som mora bur i. Faren, som var ein kjent tryllekunstnar frå eit program på NRK, døydde for fleire år sidan. Janis og mora bevegar seg i kvar si verd og sånn har det alltid vore. Trass i ein tilsynelatande fin og harmonisk barndom er forholdet til mora anstrengt. Ho prøver å finne ein ny kvardag i lag med mora som står fram kjenslemessig distansert.

Mora elskar å sjå på antikvitetsprogram på TV og spele dataspel med ein yngre gut i 20-åra. Janis føler at ho ikkje har vore ein del av foreldra si tosemde verd. Ei tosemd som ho forsøkte å få med Trygve, men som aldri blei slik ho drøymte om.

Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og avslørar utviklinga av eit valdeleg ekteskap med Trygve og han sin sjalusi og valdelege natur. Gradvis får vi ei forståing av kor fanga og manipulert Janis var i ekteskapet. Korleis kan dette skje heilt «vanlege» menneske?

Dette er ein sterk og sår roman om dysfunksjonelle forhold, lengsler og tapte drøymer. Ei mektig og gripande historie frå start til slutt, som synleggjer fysisk og psykisk mishandling i eit forhold.

Fleire boktips