Boktips

Om utrekning av romfang 1-5

IMG 6585
ForfattarSolvej Balle
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Denne serien av den danske forfattaren Solvej Balle handlar om Tara Selter som plutseleg blir fanga i ei tidssløyfe. Ho kjem seg ikkje ut av 18. november. Men likevel endrar denne dagen seg med henne, og ho blir eldre i løpet av desse bøkene.

Det same gjeld ikkje for Thomas, ektemannen. Til å byrje med inkluderer Tara ektemannen i mysteriet som har ramma henne. Men fordi han lever kvar 18. november utan å hugse den førre, og ikkje blir eldre, finn Tara etter kvart ut andre måtar å innrette seg på.

Sjølv om tida står stille på ein av og til klaustrofobisk måte, får eg likevel eit sug etter å lesa vidare, etter å finne ut korleis det går med Tara og verda. Kvar bok endar med ein cliffhanger som driv meg vidare til neste. Kva har hendt som kan forklare dette? Kva skjer med Tara når ho senkar skuldrene og lever livet evig i ein dag? Kan alt forbetrast innafor denne tronge ramma, eller ikkje? Etter fem bøker (det kjem to til) har eg framleis ikkje fått svaret, men har slått meg til ro med premissane.

For forfattaren har verkeleg brukt «romfanget» til å sjå på verda med nye auge. Ho skildrar grunnleggjande menneskelege erfaringar og eksistensielle spørsmål i eit nøkternt og presist språk.

Bøkene er lette å lesa. Tara Selter er open, undrande, søkande og nysgjerrig. Og hennar stoiske ro smittar over på meg. Tidskollapsen ville for mange vore ei menneskeleg katastrofe, men det er eit grunnleggjande optimistisk anslag i dei ulike måtane å handtere problemet på. Dei to første bøkene byggjer gradvis opp kjensla av monotoni og einsemd i den stadig repeterande dagen. I tredje bok skjer det ting som bryt mønsteret, utan at eg skal avsløre kva. Dette er eit storverk i den nordiske samtidslitteraturen, og verkeleg verdt å bruke litt tid på!

Fleire boktips