«Herlege? Såpass?», tenker du. «Så absolutt!», svarer eg då, «desse bøkene er fulle av sprelske, vittige og actionfylte situasjonar med den pensjonerte presten Jacob Juul i hovudrolla. Her kan du både skratte og humre, og mest sannsynleg vil du bli overraska over ei og anna uventa vendinga i historia».
Jacob Juul har vore prest i ei bygd på Austlandet i ein mannsalder. Ved sidan av presteyrket har han jakta ilag med lensmannen og forsynt bygda med heimebrent, ein geskjeft som på ein måte er velsigna av biskopen.
Vi møter Jacob i det han får uventa besøk av eit par torpedoar. Eg slit litt med å samanfatte korleis det går føre seg at han på få dagar blir bestefar til ei sju år gamal jente, samtidig som han i eit basketak med torpedoane kjem til å drepe den eine og må skjule liket i spritskjulet sitt. Du får nok heller ta bøkene fatt og kose deg med forviklingane sjølv.
Totland skriv godt og er lett å lese, og teksten er full av humoristiske ord og finurlege skildringar. Eit godt døme er korleis han skildrar den nye presten i bygda: «Om det er noko som helst i det gamle ordtaket om at eplet sjeldan fell langt frå stammen, er eg rimeleg sikker på at Maria må ha blitt fødd i ei bratt skråning der oppe i Trøndelag ein stad».
Bøkene får du lånt som fysiske bøker på biblioteket eller i appen vår, BookBites, for å lese på skjerm eller å lytte.