For kva gjer du når ektemannen din gjennom tretti år seier at han ønsker ei pause og pausa syner seg å være ei 20 år yngre, intelligent kollega med blankt, brunt hår? Mia Fredricksen startar med eit samanbrot, men i løpet av nokre sommarveker får hun samla seg att. Ja visst har vi lese liknande historier tidlegare, men denne blir i alle fall eg klokare av.
Etter at Mia blir utskrive frå sjukehuset er det for vondt for ho å bli verande i leiligheita ho har med mannen sin. Den er full av minne om det dei hadde saman. Hun leiger difor eit hus i nærleiken av eldresenteret der mora hennar bur, i Mias eigen barndomsby. Her får ho nye bekjentskaper som representerer heile livsløpet vårt. Vi møter venninnene til mora, tenåringsjentene som Mia underviser i poesi og småbarnsmora i nabohuset.
Hovudkarakteren er i femtiåra. Mia kjenner tidleg på ei kjensle av at noko kjem til
å skje, hun skildrar det som at «det putrer i heksegryta.» Ho får rett.
Det skjer saker og ting i dei ulike relasjonane som forfattaren utdjuper og analyserer.
Det eg likar så godt med denne romanen, og i Siri Hustvedt sitt forfattarskap elles, er nettopp kunnskapen og analysane forfattaren bringer inn i historia. Hun gjev oss kunnskap frå ulike fagfelt, blant anna filosofi og litteratur. Denne romanen har både alvor og humor og for meg er det mykje å kjenne seg att i og reflektere rundt. Dette er ei historie om relasjonar og tilhøyrsle, kvinner og menn, og hendingar som set spor i karakterane.