Boktips

Fiskehuset

Fiskehuset
ForfattarStein Torleif Bjella
Omtalt avTorill Johme, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Ein roman om livet, kunsten og fiske

I debutromanen til Bjella møter vi Jon Aslesson Aal som reiser på ei vekes haustfiske saman med onkelen sin Ivar.

Ivar har elendig balanse, syn og høyrsel og er ikkje lenger mannen for haustfiske, og dette blir nok siste året han kjem til å reise hit.

Ivar har peikt ut Jon som arvtakar til fiskevatnet Storsenn, med båt, båthus fiskeutstyr og inventar, og ber Jon om å skrive ned alt han seier for at han skal klare seg her sjølv neste år.

Jon ser mørkt på å vera ei hel veke saman med onkelen sin som stadig kjem med spisse kommentarar og sleivspark: «– Når nokon har noko å fara med, er det fare på ferde. Sea du Jon, ikkji har noko å fare med, og har ingenting på ferde, er det heller ingen fare. Du er bra for vatnet og området rundt, fordi du mangla initiativ».

 

 

Dag etter dag set dei garn i fiskevatnet om ettermiddagen og hentar inn fangsten på morgonen.

Medan Jon ror, held Ivar lange taler om fisking, tradisjonar og visdomsord om livet som Jon noterer ned i blåboka.

Jon er 47 år, hjelpelærar, musikant og «heimføding». Han har enno ikkje funne kjærleiken, sjølv om han har vore forelska fleire gonger.

Etter gjentekne spørsmål frå Ivar om kvifor han ikkje har funne seg kone svarar han «E ha møtt nokon. E bruka å trekkji meg. Redd for ikkji å strekkji te».

Ivar og Jon er eit umake par, Jon er taus og sårbar, medan Ivar er bardus og taletrengt, men samtalene mellom dei utviklar seg etterkvart til å handle om dei viktige tinga i livet, som einsemd, lengting og kjærleik.

Eg likte svært godt denne såre, morosame og rørande romanen, og om du vil høyre meir om boka bør du koma på Bok i Valdres 29. november.

Fleire boktips