Boktips

Arr

Arr
ForfattarAuður Ava Ólafsdóttir
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

I 2018 mottok islandske Auður Ava Ólafsdóttir Nordisk råds litteraturpris for romanen Arr. Dette er ei bok som meistrar å vere både rå og slagkraftig, samtidig som humoristisk og varm.

Jónas Ebenes er ein altmoglegmann med sterk trong til å fikse ting, men å fikse sitt eige liv klarar han ikkje. Han har tre kvinner i livet sitt og alle heiter Gudrùn. Mora, ekskona og dottera.

På nippet til å fylle femti, skilt, på drift, har han nyleg oppdaga at han ikkje er den biologiske faren til dottera si. Han søkk derfor inn i ei eksistensiell krise.

Medan han besøker si senile mor på sjukeheimen, funderer han på korleis han skal kome seg ut av elendigheita. Etter ei nådelaus sjølvransaking, kjem han til den grufulle «sanninga» om at korkje verda eller menneska rundt han vil oppleve tap om han ikkje finst meir.

Men å ta livet sitt kan by på problem. Jónas planlegg å låne naboens gevær, men kva om han utilsikta kan kome til å skade nokon andre? Han vurderer å henge seg frå ein lysarmatur, men bekymrar seg for at dottera kan vere den som finn han. Jónas konkluderer med at den enklaste staden å døy vil vere i utlandet. Løysinga blir å kjøpe ein einvegsbillett til ei tidlegare krigssone, der dei antatte farane kan løyse problemet med korleis han skal møte slutten.

Han pakkar ein liten koffert, tek med seg ein drill og den minste verktøykassa. Men korleis skal det virke overbevisande at han dreg på ferie med verktøy som einaste bagasje til ei krigssone? Slikt må det bli forviklingar av.

Vel framme på Hotel Silience møter Jónas på nye menneske og historier, og eit stadig behov for han og verktøykassa. Korleis skal Jónas få gjennomført si opphavlege oppgåve?

På galgenhumoristisk vis og hjartevarm måte, stiller romanen viktige etiske spørsmål om verdien av eit menneskeliv og kring det alvorlege temaet sjølvmord. Om du likte bøkene En mann ved navn Ove eller Kollektivt selvmord, kan dette vere ei bok for deg.

Fleire boktips