Verdensdagen for psykisk helse tek i år føre seg kor viktig det er å prate saman. Kampanja heiter "Vi treng å prate meir saman". #gi8minutter. Her blir du oppfordra til å sette av litt tid til å ringe nokon du bryr deg om - kvar dag. Forskning viser nemleg at også berre ein kort prat gjer meir for helsa enn vi trur. Det gjeld absolutt den som blir ringt, men også den som ringer.
Kom og sjå den fine utstillinga i biblioteket og lån gjerne med deg ei bok eller to. Du kan også bli med på ringebingoen vår, ein enkel og morosam måte å få tatt ein liten (eller lang!) prat på. #gi8minutter!
Helsing Psykisk helse Vang, Ung i Vang, Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek
Her kan du laste ned ringebingoen vår: