Maria Lavik har skrive ein biografi om eigen gard og familiehistorie som famnar alle som på ein eller annan måte er tilknytt eit gardsbruk. Anten ein er gardbrukar, gardbrukarbarn, granne eller “hyttebygdis”. Og temaet er brennande og aktuelt, også for oss i Valdres.
Me kjem tett på dei ulike kjenslene odelen fører med seg allereie i starten av boka. Forfattaren skildrar Besten og vedstabelen hans, som var den siste han rakk å fylle, før sjukeheimen og etterkvart den uungåelege gravferda ventar. Maria Lavik har på det tidspunktet allereie skrive ein artikkel i avisa om problematikken kring det å skulle overta ein gard. Utanfor kyrkja seier gamlerektoren til henne: “Å skriva er din odel. Det er arven din.”
Fleire av slektningane har flytt ut av bygda, og arbeidd med språk og skriving på ulike vis. Men den eldste har alltid måtte bli att på det karrige bruket i Eksingedalen. Garden har til gjengjeld vore ein viktig samlingsstad for heile slekta, og gjeve ein sterk identitet og eit godt samhald. I femten generasjonar har forfedrane samla mengder med handboren kunnskap, og lokal kjennskap til kvar minste krik og krok i omgjevnadane.
Dei yngre brørne har for lengst etablert seg på andre stader. Maria og sambuaren arbeider i Oslo og vurderer å kjøpe seg leiligheit på Sagene, der alle venene bur, berre ein liten sms unna. Skal Maria gje slepp på dette, eller skal ho “ta ein for laget”?
Lavik skriv godt om vanskane med å ta “den praten”, tidleg nok. Odel kan vera ei bør, men også ei gåve til dei som er fødd til jord. Odelslova sikrar at eigarskapen til jorda er i hendene på norske bønder, ikkje utanlandsk adel eller store selskap.
Med moderniseringa av Odelslova i 1974 vart odelsretten likestilt mellom kjønna. Maria slit med å finne kvinnelege førebilete i familiehistoria. Kvinnene har vore viktige for garden, men dei er litt usynlege og utydelege. Kan dette vera ein av grunnane til at bygdejentene flytter ut?
Siste kapittelet er vigd til Besta. Dei bakar flatbrød i lag, og Besta seier at ein dag kjem Maria til å greie å kjevle ut flatbrøda heilt åleine. “Eg seier som eg alltid gjer, at ho må vera her saman med meg for å kjevla dei ferdig. For eg klarer det ikkje utan henne.”