Boktips

Nabovarsel

hvorfor svenskene er så svenske og andre fortellinger om våre nordiske naboland
20250225Boktipsmarianne
ForfattarHallgeir Opedal
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriFaglitteratur for vaksne

Lyst å bli kjent med nabolanda våre i Norden på ein litt annleis måte? Bli med Hallgeir Opedal inn i den svenske landsbygda, ut på danske øyer, gjennom finske skogar og ut i karrige natur på Island i boka  «Nabovarsel : hvorfor svenskene er så svenske og andre fortellinger om våre nordiske naboland».

Norden er nabolanda Sverige, Danmark, Finland, Island og Noreg. Dei er ulike i geografi, historie, kultur og folkeferd, eller er dei eigentleg det? Opedal har reist rundt for å finne ut av det.

Med ulike framkomstmiddel har han tatt eit lite djupdykk i nabolanda våre. Til Sverige reiste han på scooter, i Danmark var det elektrisk sykkel, i Finland reiste han kollektivt og med elsparkesykkel og på Island brukte han leigebil.

Med ein humoristisk vri tek Opedal oss med på reisa i dei fire landa. Eg trakk på smilebandet jamt og trutt då eg høyrte boka. Her er kongehistorie, kulturhistorie, matvanar og ein liten dose språkutfordringar. Han er kontaktsøkande og kjem lett i kontakt med menneska han møter, i alle fall på dei som er interessert i å prate med han, for det er nemleg ikkje alle. Skilnadene og likveitene våre skal du få lese deg til sjølv.

Opedal har eit munnleg og lettlese språk. Eg lagar meg lett bilda av at han trælar med punktert scooterdekk og stresset med lading av elsykkel. Litt usikkert kor mykje kunnskap eg kan briefe med etter å ha vore gjennom boka, men det får eg nok ta på eigen kappe med dårleg husk.

Boka er 477 sider med ei god blanding av sjølvopplevde inntrykk av dei ulike landa og fakta av eldre og nyare dato.

Boka er også tilgjengeleg på appen BookBites og kan høyrast på snaue 19 timar med standard hastigheit. Det svarar til Vang-Fagernes t/r 11 gonger og ein svipp til Røn, slik omtrent. God tur!

Fleire boktips