Om oss

Vangstunet

Vang folkebibliotek ligg på Vangstunet, Tyinvegen 5151. 

På biblioteket kan du låne bøker, filmar osv, lese dagens aviser, bruke pc, skrivar og skannar. 

Gjennom appen Bookbites kan du låne bøker og lydbøker, og på Filmoteket kan du låne filmar.
Vi har også tilgang til eit stort utval av aviser og tidsskrift gjennom PressReader no i 2023.

I tillegg til biblioteket har vi Bok i butikk hjå Joker Ryfoss og hjå Joker Tyinkrysset. 

Bøkene i desse hyllene kan du låne med deg utan noko anna registrering enn å skrive datoen for lånet på ein lapp som er limt inn i boka! Når du er ferdig med boka set du den tilbake i hylla der du fann ho, eller du kan levere den på ditt næraste bibliotek kor som helst i Noreg.

Bøker som ikkje tilhøyrer Vang folkebibliotek må du levere på eit bibliotek. Elles blir dei ståande i butikken eller blir lånt av andre medan boka framleis står utlånt på deg hjå eigarbiblioteket.

Bok i butikk Joker Ryfoss        Bok i butikk Joker Tyinkrysset