Boktips

Skogens konge/Hjelp småkrypene

Foto Boktips Øystre2
ForfattarLine Halsnes/Kristine Kujath Thorp
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Bli glad i naturen!

Skogens konge av Line Halsnes gjev deg god og grundig informasjon om elgen. Med lett språk, humoristiske innfallsvinklar og rause illustrasjonar, er det lett å følgje forfattaren når ho tek oss i gjennom elgen sine særtrekk og levemåtar. Visste du at elgen av og til dukkar under vatn for å eta planter som inneheld nitrogen? At nokre piggoksar rullar seg i brunstgropene til dei eldre for å lukte tøff okse? Lurer du på korleis elgmjølk smakar, kva eit fjølgevir er eller korleis du kan laga smykker av elgbæsj? Og kva er lurt å gjera når du møter elg? Korleis kan du lokke på elgen, og på kva slags måtar kan du jakte på han? Og går det eigentleg an å temme elgen? Dette og meir til får du svar på i denne boka. Fin å lesa for store og små i lag.

Hjelp småkrypene av Kristine Kujath Thorp fokuserer på edderkoppar, sommarfuglar, bier, mark og maur. Desse smådyra er livsviktige for livet på jorda, og nokre artar er i ferd med å forsvinne. Korleis kan vi hjelpe dei å overleve? Det er nettopp dette som er temaet i boka, og her er det mange fantasifulle forslag som kan tenne nysgjerrige og grunnforskande barn. Her finn du gjennomillustrerte steg for steg-oppskrifter på korleis du til dømes kan lage småkryp-badeland, bungalowar for bier og magiske metamorfose-motell for sommarfugllarver. Underteikna er ikkje heilt sikker på om ho ville likt å ha eit innandørs borg-hotell for maur bak sofaen, men dette er likevel fornøyeleg og inspirerande lesing for barn med mykje fakta smetta inn.

Bøkene finn du på biblioteket.

Fleire boktips