Boktips

Nye barnebøker

Nye Barnebøker
Omtalt avMarit Karlberg
KategoriBarn og ungdom

Å lesa høgt for eit barn, er noko av det kjekkaste du kan gjera. Det er triveleg, fint for barnas utvikling, og viktig for å skapa gode band mellom generasjonane. Her er nokre av dei nye barnebøkene som har kome til Valdresbiblioteka i første halvdel av 2024. Kom gjerne og lån dei hjå oss!

Rødrev
Rødrev - Synnøve Borge

Ei faktaforteljing om raudreven sitt liv. Me følgjer ein raudrev gjennom det første leveåret og får lære meir om kor han bur, kva han et og korleis han jaktar. Forfattaren gjer det lett for oss å leva oss inn i korleis det er for raudreven å møte menneske for første gong, og kva for farar som ventar om han ikkje er på vakt. Formatet og dei fine illustrasjonane av Nora Bech gjer det også verdt å lesa denne boka. For barn ca 3-9 år.

Tett På Livet I Vann
Tett på livet i vann - Jannicke Wiik-Nielsen

Dette er ei fascinerande bok om ulike skapningar som bur eller har sitt opphav i vatn. Wiik-Nielsen har take foto av kreps, reker, krabber, sjøstjerner og andre sjødyr ved hjelp av eit skanning-elektron mikroskop. Så er bileta forstørra og fargelagt, slik at alle detaljar er synlege for oss. I lag med dei røynde naturskribentane Dag O. Hessen og Line Renslebråten fortel ho om eigenskapane og liva til desse dyra. Spennande for heile familien!

Vi Roper I Skogen
Vi roper i skogen - ei faktabok om skogens språk - Trude Tjensvold

Det kvitrar, kakkar, brummar og kvekk. Berre ein lyttar. For det bur kanskje fleire levande vesen i skogen enn i byen. Her får me lære om dei ulike kommunikasjonsformene dyra i mellom. Dei smarte ramnefuglane kan tildømes prate med kvarandre med meir enn åtti ulike lydar, og gje kvarandre namn. Nydeleg kombinasjon av fag- og biletbok med ei klar oppfordring om at me menneske kan bli betre til å lytte.

Ella Marek
Ella + Marek = sant - Unni Lindell

Her møter me Ella og Livia og venene deira. Ein dag får dei beskjed om at det kjem ein ny gut i klassa. Han heiter Marek og er frå Ukraina. Både Ella og Livia blir straks forelska i den nye guten, som er prega av sorg og traumer frå krigen i heimlandet. Marek har kan ikkje norsk, men mykje kan seiast med blikk og kroppsspråk. Og dermed er det duka for både spenning, forviklingar og dramatikk i denne lettleste boka.

For barn ca 6-13 år.

Regnbueriket (1)
Regnbueriket - Marry Somby

Denne biletboka handlar om alle fargane i regnbogen og deira eigenskapar. Forfattaren formidlar tankar om fargane henta frå sin nordsamiske kultur, og skapar også ei eiga fargerik fantasiverd i denne boka som er illustrert av Sissel Horndal. Nomi­nert til Nord­isk Råds Barne- og ung­doms­lit­tera­tur­pris for 2023.

For barn ca 3-9 år.

Klemmen
Klemmen - ei lita bok om store krefter - Erna Osland

Vil du ha ein klem? Dei fleste ville svara ja til ein klem. Men ikkje av kven som helst! Om ein ukjend klemmer deg, kan det fort bli feil. Denne og mange andre "klemmereglar" i ulike kulturer kan du lære om ved å lesa denne boka. Har du forresten tenkt på at det er dei under tre år som gjev flest klemmar, men at det er dei vaksne som saknar klemmar mest? Og at det går an å klemme seg sjølv? Boka er fint illustrert av Stina Langlo Ørdal.

Gigabror
Gigabror - Annika Linn Verdal Homme

Nydeleg biletbok i stort format om lillebror som har ein storebror som kjem annakvar helg. Scenene i boka er sett med lillebror sine auge, ingen vaksne er med. Og i dette barneuniverset er det gigabror som ordnar opp i det meste. Men han er aldri for stor til å vera med å leike! For barn ca 3-9 år.

Pappabatteriet
Pappabatteriet - Tine Eide

Pappaen til Mimmi har eit batteri inne i seg. Når batteriet er fullt får han ekstra armar, steikar pannekaketårn og ser på film i lag med Mimmi heile natta. Men når batteriet er tomt, legg han seg på sofaen med tårer rennande ned over kinna. Då går tida veldig sakte. Heldigvis veit Mimmi korleis ho skal få pappa glad att. Men klarer ho å lure både han og kongefamilien til å tru at pappa er verdas beste kunstmålar? Og er det Mimmi sitt ansvar å passe på batteriet til pappa? Les og få svar! Illustrert av Rune Markhus. For barn ca 3-9 år.

Sana Og Øynene
Sana og øynene - Hilde Henriksen og Mina Adampour

Vakker og viktig biletbok om det å vekse opp i ein minoritetsfamilie. Boka gjev innblikk i kva det vil seia å kjenne seg anleis, og korleis me alle treng å bli sett og inkludert uansett kven me er og kor me kjem frå. Kvardagen kan bli lettare om me ser på kvarandre med eit venleg blikk. Illustrert av Kristina Farstad Bjerkek. For barn ca 6-10 år.

Alle Kosedyra
Alle kosedyra har namn, unntatt esel - Kristoffer Gaarder Dannevig

I denne boka blir me kjent med alle kosedyra til Anna, korleis ho fekk dei og kva dei heiter. Men esel har ikkje namn. Og det er ikkje lett for Anna å finne eit heller. Kvifor heiter me det me heiter? Og treng me eigentleg eit namn? Anna leiter etter svar, og til slutt finn ho ut av det. Illustrert av Trude Tjensvold. For barn ca 3-6 år.

Felix
Felix har følelser - Charlotte Mjelde

Felix er i ferd med å eksplodere. Kjenslene er overalt etter å ha krangla med mamma. Plutseleg tyt kjenslene ut av kroppen og står i rommet framfor Felix. Kven er alle desse kjenslene og kva vil dei fortelje han? Denne boka kan vera eit nyttig verktøy for vaksne som vil hjelpe barn med å forstå, uttrykke og prate om kjenslene sine. illustrert av Camilla Billett. For barn ca 3-6 år.

Bursdagsfesten
Bursdagsfesten - Bjørn Arild Ersland

Eventyrleg og festleg biletbok om Julie, Jan, verdas sterkaste mann og verdas sterkaste dame. Julie har bursdag ute i hagen. Så kjem det ein stein og øydelegg festen. Kven kan flytte ein så diger stein? Illustrert av Per Dybvig. For barn ca 3-6 år.

Jakten Pa Den Rode Stjerne Coverimage 9788248934837 Org
Jakten på den røde stjerne - H.L. Phoenix (Helge Lee)

Tyra og Troy er tvillingar og elskar å leike i lag. Ein dag dei klatrar inn i den gamle trehytta i hagen, finn dei to mystiske amulettar. Snart er dei på veg inn i ei magisk verd med flygande sjørøvarskip og fantastiske fabeldyr. Dette er første bok i ein ny serie om Tyra og Troy som kjempar mot Cyd Hexem og piratane hans. fantasy-serie for dei yngste - ca 6-11 år.

Ridderne
Ridderne og det store bålet - Bjørn F. Rørvik

Nok eit festleg møte med ridder Rosenbusk og ridder Bang og forfattar Rørvik sin samtidstilnærming til eventyra våre. Drageungen Sippo er kidnappa og prinsesse Begonia sender ut Rosenbusk og Bang for å redde han. Men det er Svartskjegg, den verste røvaren i landet, som har fått kloa i Sippo. Korleis skal dette gå? Det hadde vore mykje betre om dei kunne vore heime og øvd seg på å tenne sankthansbålet. Fin til høgtlesing. Illustrert av Skinkeape (Marianne  Gretteborg Engedal) For barn ca 3-10 år.

Stormen
Stormen - Lars Mæhle

Rasmus og Trym skal overnatte i telt, men Trym vil ikkje sove. Han vil heller ut på eventyr. Då Trym rasar ut i svarte natta, må Rasmus klare seg sjølv. Og det blir ikkje betre av at ein stor storm er på veg. Serien om Dinosaurgjengen handlar om den vesle dinosauren Rasmus og venene hans på små og store eventyr. Bak i boka er det faktatekster om dinosaurane som er med i historia. Bøkene kan lesast uavhengig av rekkefølgja. Dette er nr 13 i serien. Illustrert av Lars Rudebjer. For barn ca 3-9 år.

Fleire boktips