Den store klesbyttedagen i Vang

Publisert: 11. april 2024
Klesbyttedagen

Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek! Fram til og med 26. april kan du levere pene og reine klesplagg - maks 7 plagg pr. person. Du kan levere kleda på biblioteket eller til Kine på Føsse frisørstudio.

Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
Biblioteket og Frivilligsentralen har igjen fått med superfrivillig Kine Kvannefoss til å arrangere klesbyttedag. Dette var ein stor suksess i fjor, og vi reknar med det blir like moro i år! Husflidslaget stiller med fixestasjon, og NålØye er også med på laget.
I bytte får du kupongar som du kan bruke på klesbyttedagen til å handle med. Om du vil donere alle eller nokon av bongane dine, så samlar vi dei i ein bolle, og deler ut til dei som ikkje har noko å bytte bort. Så velkomen også til deg som ikkje har levert klede, det er garantert bongar til overs som du kan få til å handle med!
I fjor var det veldig mykje flotte dameklede, men litt lite til herre og barn. Vi oppmodar difor spesielt karar og foreldre til å ta ein gjennomgang i klesskåpa sine og sjå om dei har noko fint å bytte bort.
Klesbyttedagen er eit konsept frå Naturvernforbundet. Visste du at klesindustrien står for meir av verda sine klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman? Når vi byttar med kvarandre og bruker kleda lengre, reduserer vi utsleppa. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!