Boktips

Villvillmarka 1

Den siste hodeskallen
Villvillmarka Solfrid
ForfattarOla Nielsen Oldani og Martin M. Hvattum
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

I Villvillmarka møter me myrbarna Knis, Lok og Nøste. Dei bor og jobber på Den barmfagre nøkk, eit vertshus der dei serverer graut.

Ein dag får dei besøk av Futen og han skal ha pengane sine elles tar han vertshuset. For å løyse dette får dei ideen om å arrangere ein fest på Gjenfredag (De dødes dag), og då må dei reise til Port Morten for å handle inn det som trengs.

I Port Mortem er ikkje valutaen penger, men svar på gåter. Å få tak i det dei har på handlelista tar plutseleg mykje lenger tid då Knis, Lok og Nøste må finne svar på alle gåtene. Har du alle svar er du rik i Post Mortem, og det er grev Nesegrev von Snyteskaft.

Denne teikneserien er debuten til både manusforfatter Ola Nielsen Oldani og illustratør Martin M. Hvattum. Historia er full av gullkorn. Det er mykje leik med ord, og når Futen og grev Nesegrev, dei onde, kjem inn i historia føregår det på rim. I tillegg er det fotnoter som forklarer dei vanskelegaste orda, som t.d. «Inflasjon: når økonomien bestemmer at noe plutselig koster mer. For det kan økonomien bare bestemme seg for. Og da har ikke vi så mye vil skulle ha sagt.» Forklaring med humor!

Illustrasjonane er òg fulle av humor og veldig detaljrik. Ein kan lese boka fleire gonger og stadig oppdage nye detaljar.

Den siste hodeskallen er ei morosam historie med teikningar som utfyller og gjev historia endå meir. Det er humor både for liten og stor, og det er mange detaljar ein kan kose seg med.

Fleire boktips