Boktips

Lik meg

første gang
Likmegbilde
ForfattarAnne Wisløff
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom, Skjønnlitteratur for vaksne

Til foreldre: Dette er ikkje boka du kanskje vil, eller bør, lese saman med ungdomen din. Men det er ei bok både vaksne og ungdom kan ha godt av å lese, kvar for seg!

I boka blir du kjent med 16-åringane Sofie, Stella, Oda og Leo. Dei har fortellestemma i kvar sine kapittel, og det viser seg at forelsking, sex, kjensler, foreldre og alt det der kan vere like utfordrande å hanskast med uansett kjønn.

Her blir det ikkje lagt noko imellom i skildringane av korleis ungdomane opplever sex for første gong, og forventingane dei opplever rundt det.

Forventningar både frå og til vaksne og andre ungdomar. Det er eit kaos av tankar og kjensler om det meste. Korleis dei tolkar og mistolkar, og fasiten til alt, den finn ungdomane på internett.

Lik meg kan du også sjå på NRK TV. Denne boka er sesong 6 av serien.

Men tru meg, boka trumfar serien, sjølv om serien slett ikkje er dårleg.

Eg synest boka gjev eit mykje betre inntrykk av tankane ungdommane baler med. Dei som les og ser forbi dei kleine og flaue hendingane, får ei historie om kor usikre ungdom her, sett både frå gutane og jentene sine sider.

Her kan du få vondt langt inn i sjela av korleis dei slit med ting og du kan bli varm om hjarte når dei blir forelska.

Dette er heilt klart ein bok ungdom kan lese for å sjå at det er heilt vanleg å vere usikker, at det meste kan vere vanskeleg første gong.

Og ho kan like gjerne lesast av vaksne, fordi vi nok har gløymt detaljane om kor vanskeleg det kan vere, det å ikkje vere sikker på noko og kor store tankane kan bli når ein trur ein veit i staden for å sjekke kva andre faktisk tenkjer og føler.

Fleire boktips