Boktips

Frinken Fopp

9788283420937.jpg
ForfattarKnut Nærum
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Med humor og etterkvart til ettertanke, skriv Nærum her på rim om Frinken Fopp.

Frinken har ein del spesielle eigenskapar som det syner seg at han har etter far sin. På leit etter faren som tidleg reiste frå heimen, kjem han i kontakt med ulike verdsdelar og lag av folket. Og til slutt får han falde seg ut i ein situasjon der hans særeigne styrkar kjem til sin rett. Denne biletboka er eit moderne eventyr på rim, frodig og humoristisk illustrert, med eit siste vers som på ein fin måte avrundar og konkluderar i forhold til alle som er som Frinken, litt anleis enn normalen:

«Eventyret jeg forteller

 kan man lære dette av:

Alt er ikke enten-eller.

Både og er like bra.»

For barn ca 5-9 år.

Fleire boktips