Boktips

Svømmerne

Ingrid Svommerne
ForfattarJulie Otsuka
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Om du vil oppleve ein kombinasjon av sosial satire med eit intimt portrett av tap og sorg, finn du det i Julie Otsuka sin tredje roman «Svømmerne», som blei oversett til norsk i 2023.  

I likskap med Otsuka si prisbelønte bok, ”Budda på loftet”, begynner romanen i førsteperson fleirtal. Boka startar som ein syrleg sosial komedie, eitt narrativ ”vi” som representerer svært forskjellige svømmerar som besøker det underjordiske lokale bassenget. For menneska som svøm der dagleg, blir bassenget ein oase av uventa venskap og privat trøyst. Eit mikrokosmos av Amerika, der dei stort sett forblir anonyme. Svømmerane utgjer eit bredt spekter av yrker og sosiale roller, med ulik motivasjon for å svømme og forskjellige svømmestilar. Lesaren blir invitert inn i dette fellesskapet, og vi lærer om rituala og skikkane deira. 

Dei fleste av individa som utgjer eit «vi», er namnlause bortsett frå Alice, som blir nemnt fleire gonger. Ho er ein pensjonert laboratorieteknikkar med demens. For Alice blir dei daglege rundane i bassenget eit ritual som gir livet hennar meining, sjølv om ho kanskje ikkje hugsar kombinasjonen til skapet eller kor ho la handkleet sitt. ” Der oppe, sier hun, er jeg bare en av mange gamle damer. Men her nede, i bassenget, her er jeg meg selv.”

Ein dag dukkar det opp ein uskyldig sprekk djupt under vassoverflata i bassenget, men så kjem det ein sprekk til, og tilslutt endå ein. Bassenget må dermed stengast for reparasjon. Bort frå dei faste rutinane med svømminga blir Alice kasta ut i uro og kaos, og ho blir oppslukt av vanskelege minner frå si eiga fortid. Ettersom kjensla av heimen, og av seg sjølv, sklir lenger ut av grepet hennar blir det opp til dottera hennar å navigere i det nylig splitta landskapet Alice har i forholdet til seg sjølv, og i relasjonen mellom dei to.

”Svømmerne” av Julie Otsuka (2023) er ein slank, men gripande roman om hukommelse og tap, mødre og døtre, historiene som utgjer eit liv, og kva som skjer når det begynnar å rakne.

Fleire boktips