Av tittelen på første boka kan vi ane at dette handlar om kvinner som får born utanfor ekteskap. Anna og dei fire venninnene ho etter kvart møter får uekte born, som det heitte, endå borna var ekte nok. Dei tek ulike avgjerer for liva med eller utan borna dei føder på mødreheimen. Anna beheld dottera Ingrid og får utfordringar som einsleg mor, medan nokre kjenner seg tvungne til å gje bornet bort til adopsjon.
Anna, Signe, Åshild, Ragnhild og Johanne utviklar unike og sterke vennskapsband som held dei saman heile livet. Dei deler gleder og sorger og hjelper kvarandre gjennom vanskelege arbeidsforhold, ekteskap, sambuarskap og utflytting.
I den andre boka hopper vi fram til 1970-talet og tar del i livet til ungane som no er i byringa av 20-åra.
Boka er godt skrive og har eit driv som gjer at sidene berre flyg av garde. Det er historisk interessant å lese om korleis mødrer og kvinner har blitt møtt gjennom ulike tider. Eg kan berre førestille meg kor vanskeleg det var å vere åleinemor og slite med den sosiale uretten og dei nedverdige haldningane som fleire av desse vart møtt med. Heller ikkje kjenner eg att, anna enn frå historiebøker og andre romanar, korleis Ingrid og hennar generasjon levde sine liv på 70-talet.
Bøkene gjev fine tidsbilete, og kan for nokon kanskje vere til å kjenne seg att i medan andre får innsikt i historia.
Eg gler meg til å ta fatt på den tredje boka i serien, «Frihetens smerte», som kom no i august.