Forfattar Øystein Bogen er no ute med sin andre spionthriller. Her møter vi etterretningsoffiserane Tora Fjell og Per Henriksen, som i samarbeid med den russiske avhopparen og hacker-spesialisten Misja Borodin, spelar ei avgjerande rolle når Svalbard blir utsett for Putin sin aggressive utanrikspolitikk.
Handlinga er lagt litt fram i tid, og er soleis fri fantasi, men for lesaren vil alt som skjer i Ukraina i desse dagar spela med, og gje handlinga eit skremmande, truverdig skjær.
Forfattar Øystein Bogen har vore utanrikskorrespondent i Russland og Aust-Europa i over tjue år og har skrive tre sakprosabøker om Russland, Putin og etterretning. Dette gjer detaljnivået i denne thrilleren svært realistisk.
Vil du lesa ein god og aktuell spionthriller i påska, vil eg anbefale denne. Og start gjerne med den første boka hans, Zetaviruset (2021) Det er også andre forfattarar som hentar inspirasjon til krimbøker og thrillerar hjå vår aggressive nabo i aust. Sjekk gjerne ut desse når du er på biblioteket:
Mayday (2021), Grethe Bøe
Novaja Semlja-effekten (2023), Odd Harald Hauge
Rød stjerne (2021), Blå storm (2020), Hvit armada (2019), Ørjan N. Karlsson