"Til døden skil oss"
Forfattar Anders Totland kjem på besøk til Kulturkafeèn i Slidre. Han fortel om den nyaste boka si "Til døden skil oss". Anders Totland har gjeve ut 17 bøker på 9 år, har besøkt rundt 2500 skuleklassar over heile landet, og er ifølgje Aftenposten kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. Då romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut i 2022 gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, blei selt til fleire andre land - og skal i tillegg bli film. No er Anders Totland klar med det forlaget kallar ein nokså frittståande oppfølgjar - Til døden skil oss.
Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prækere er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då.
Arrangementet er i samarbeid med Mållaget i Vestre Slidre og Folkeakademiet.
Velkomen til Kulturkafeèn i Slidre!