Bøker til barn 3-13 år vinter 2025

Her er tips til bøker for barn som du kan låne på Valdresbiblioteka. Les høgt eller la barnet lesa sjølv!

Esa elskar å koste. Det er mykje som er i vegen. Sand, rusk og havregryn på golvet. Teiknestifter, barnåler, skorper og smuler. Ting som knuser, sjukdom som smittar folk, folk som luggar, mama som gret, pappa som ropar. Esa kostar og kostar for å fjerne alt som er i vegen og gjer vondt. Men kva skjer når Esa har kosta vekk heile verda? Blir det ikkje litt vel stille? Gro Dahle er som vanleg ikkje redd for å ta opp vanskelege tema i biletbøkene sine. Boka er illustrert av dottera Kaia Dahle Nyhus, og kan minne om ein rosaversjon av Pompel og Pilt. For barn ca 4-7 år.

Denne faktaboka om fuglar oppfordrar oss til å bli kjende med fuglane der me bur. Det er eigne kapittel om fuglar i byen, på bygda, på jordet, ved havet, ved våtmark, i skogen og i fjellet. Boka er spekka med inspirerande fakta om dei ulike fugleartane. Me får forslag til korleis me kan gjera hagen fuglevenleg, og korleis me kan oppdaga fuglane rundt oss. Smarte tips er å lære seg å kjenne att dei ulike fuglesongane, bruke kikkert, og notere alt ned i ei eiga notatbok, di eiga fuglebok. For barn ca 6-12 år.

Biletbok om vesle Slukhals som er ute på tur og kjem over ein rosin. Deretter eit eple. Så ein matboks. Deretter ei kake. Og slik held det fram. For Slukhals bli aldri mett. Artige illustrasjonar som er fint integrert i teksten. |
For barn ca 3-7 år.

Denne biletboka er full av eventyrformlar, og fortel om Vilje som havnar i Vigelandsparken når ho leitar etter foreldra sine som brått forsvann. Vilje er full av kjensler, og ofte sinna, og det viser seg å vera ei superkraft i møte med dei forsteina figurane i parken. For barn ca 4-8 år.

To kaninar oppdagar at nokon har rappa alle gulrøtene deira. Saman med ei everntyrlysten høne med eigen kano legg dei ut på jakt etter skurkane. Det blir ein tur utanom det vanlege. Særleg når det viser seg at tjuvane er kongen og soldatane hans. |
For barn ca 3-6 år.

Berre tre delar av jorda er dekka av land, medan sju delar er dekka av hav. Jorda er ein blå planet. Me veit nesten meir om kva som finst på overflata av månen enn kva som skjuler seg i djupet av hava, skriv forfattaren. Denne boka gjev oss litt meir kunnskap om nettopp dette. Det er særleg dei litt skumle skapningane me får veta meir om her, men også nokre søte, som Dumboblekkspruten. Ein del av dei som bur i hava blir drept av at dei et plast som me kastar frå oss. Denne plasten blir verande i magen deira, og gjer at dei ikkje får i seg nok næring. Boka har flotte illustrasjonar av Line Renslebråten og er skrive i eit godt og lettlese språk. For barn ca 6-13 år.

Ophelia og Bernhard kan endeleg puste letta ut etter mange farlege oppdrag. Men nye utfordringar ventar. Då Ophelia blir fråteken det kjæraste ho eig, må ho ut på ei ny reise til Fingals øy. Og då oppdagar ho eit hus som verkar veldig kjent. Dette er den sjuande boka i den spennande teikneserien Krypto. Fine illustrasjonar og lettlest. |
For barn ca 9-13 år.

Trur du på vampyrar, troll eller hekser? Sjølvsagt gjer du ikkje det, ikkje heilt på ekte. Men når du ligg og skal sove, eller er åleine ute i mørkret på Halloween, då er det vel lett og tru LITT på det likevel? På 15-1600-talet var det diverre vanleg å tru på hekser, heilt på ekte. Mange vart straffa for å vera hekser. Forfattarane viser på ein klar, litt humoristisk måte korleis dette utrulege og groteske kunne skje. Takk og lov for opplysningstida, som med sine nye idear og ideal kom og rydda vekk desse mørke sidene ved samfunnet vårt. For barn ca 9-13 år.

Sonja har kome heimatt til Røros, men ingenting er som det var før. Minna om venene i Jotundalen slepp ikkje tak i Sonja, og samstundes innser ho att familien hennar har store og murke løyndomar, fleire direkte knytta til hennar eventyr i den magiske verda. Dette er den sjuande boka i den populære teikneserien Nordlys. Nye lesarar bør starte med bok ein, for det er mange trådar å følgje. For barn ca 9-13 år.

Dei tøffaste heltane er dei som tør å gjera noko utanfor banen. Dei største idretts-stjernene er store kjendisar. Dei har fans som heiar på dei, uansett kva dei gjer, og dei har moglegheit til å påverke verda rundt seg. Denne boka handlar om idrettsstjerner som har gjort nett det. Til dømes Muhammed Ali som vart fengsla fordi han ikkje støtta Vietnamkrigen, Marcus Rashford som kjempar for gratis skulemat i England, og Ingrid Olsdatter Vestby, den første kvinnelege skihopparar som bana veg for andre kvinner. Boka tek for seg 50 heltar, halvparten norske og halvparten frå resten av verda. Samstundes får du lære om historie og samfunn gjennom tidene. For barn ca 9-13 år.

Helle likar best å spela fotball med bestekompisen sin Lars, men då ho blir sett på gruppe med Nadia og skal skrive ei oppgåve om klima, blir alt det vanlege plutseleg veldig uvanleg. Gradvis blir verda skumlare, og gradvis flytter ho inn på kottet på rommet sitt og vidare inn på Ipaden. Kva er det med Nadia? Og kva er det med verda? Om nye kjensler, vanskelege venskap og verda på vippepunktet. For mellomtrinnet.

Pengar er ei genial oppfinning, skriv forfattarane. Du kan gå i butikken og kjøpe deg mat, klær og alt du treng, utan å måtte dyrke potetene, sy jakka eller laga datamaskina sjølv. Men korleis fungerar pengar i verda, og kven bestemmer kor mykje dei er verdt? Er det mogleg å spare til alt du ønsker deg? Og kva brukar eigentleg dei vaksne alle pengane sine på? Her kan du lære korleis du tener, sparar og brukar pengar, og kva som er lurt når du går frå mynt i sparegrisen til vekeløn på bankkortet. Sakprosa for mellomtrinnet.

Kva har skjedd med ephyraene? Er dei borte for godt? Justyna prøver å finne svar på kven og kva ho er, både i hjarta og i blodet. Kva kjenner ho eigentleg for bestevennen Arun? Og kvifor må han laga blogg med Lotte, erkefienden hennar? Justyna sprenger grenser med eigne krefter og kjensler i andre bok i Ephyra -serien. Kor gale kan det gå når ho blir pressa til det ytterste? Spenning for mellomtrinnet.

Nydeleg bok om arbeidarliv i Kristiania i 1890. Første halvdel av boka er ei forteljing om Hanna, Oskar og mor deira. Mora arbeider på eit spinneri og har berre fri på sundagar og i jula. Me får konkrete innblikk i korleis det er å vera barn i eit arbeidarstrøk under industrialiseringa av Norge. Andre halvdel av boka er faktatekster som skildrar meir av livet og samfunnet den gongen. Her får du også lære meir om den verkelege Oskar, som heitte Braathen til etternamn og vart ein kjend forfattar. Fine og godt integrerte illustrasjonar av Signe Torp. Forteljing og fakta for mellomtrinnet.

«Kven eg er? Eg er Sivert. Og den einaste i klassen som ikkje er komen i puberteten. Og det er fullstendig krise. Det er heilt sant, eg har ikkje så mykje som ei lita kvise å skryte av.» |
Ein dag byrjar ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare. Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter? Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i? Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart? Forteljing for mellomtrinnet.

Selmas liv er skikkelig bra: Ho elskar uteskule, Youtube-challenges, besteveninna Devi og skilpadda Albert. Kanskje også Oskar i klassen. Alt er berre bra til det kjem ei ny jente frå byen, som ikkje likar uteskule, har lange augevipper og kan alt om kjærleik. Ho utfordrar Selma til den største challengen nokonsinne. Kven kan vinne Oskar sitt hjarta? Ei spennande teikneseriebok om å logge seg på kjærleiken når det einaste ein eigentleg har lyst til er å samle fine steinar i fjøra. Teikneserie for mellomtrinnet.

Boka handlar om elleve år gamle Bjørn som bur på Torshov i Oslo. 9. april 1940 går det rykter om bombeangrep frå tyskerane, og Bjørn må flykte i lag med familien sin til den vesle, rolege plassen Strandlykkja ved Mjøsa, der far hans er frå. Men det viser seg at Strandlykkja er alt anna enn roleg, for akkurat der set dei opp den norske forsvarslinja mot tyskerane. Bjørn hamnar midt i krigsutbrotet sine dramatiske hendingar, og blir stilt på store prøver. Spennande historie basert på verkelege hendingar i forfattaren sin familie. Boka er full av cliffhangarar som gjer at du berre må lesa vidare. Forteljing for mellomtrinnet.