Boktips

Den vesle prinsen

20250407Siljebilde
ForfattarAntione de Saint-Exupéry
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Ei gammal bok om ein liten prins på ein bitteliten planet? Som feiar vulkanane sine med kost og må dra frå planeten fordi den skjøre, nyutsprungne rosa hans er så stolt og kravstor?

Eg hadde gløymt kor fin og morosam denne vesle boka er. Ho er skriven til barn, men står òg i vaksenavdelinga og på teikneseriehylla, samt på filosofi- og franskpensum. Ho er den første boka eg gav nevøane mine, berre for at dei alltid skal ha akkurat denne.

Ein flygar fortel om den gongen han kræsjlanda midt i ørkenen og møtte ein liten pris. Prinsen med det lange skjerfet insisterer på at flygaren skal teikne ein sau til han, fordi han treng ein sau. Etterkvart fortel prinsen om seg sjølv, planeten sin og om alt som har hendt sidan han drog derifrå. Prinsen er innom fleire planetar, mellom anna planten til forretningsmannen, til drankaren og til ein forfengeleg mann. Samt planeten der lykteslokkaren må tenne og slokke lykta si kvart minutt, fordi planeten er så liten og snurrar så fort rundt. Alle desse rare vaksne fyller prinsen med både undring og vemod. Kvifor driv dei på slik dei gjer?

Det spørsmålet blir sjølvsagt stilt til – og treff – meg som vaksen lesar, medan ungane kan godte seg på dei dumme vaksne sin kostnad. Kanskje går mykje over hovudet på både meg og ungane, men fint er det likevel.

Dei flotte illustrasjonane har ei sentral rolle, då forfattaren stadig klagar over kor dårleg han er til å teikne. Boka finst faktisk òg i rein teikneserie-form. Sjølv likar eg godt kontrastane mellom det morosame – at han kan varme opp frukosten på vulkanane sine – og det vemodige, kombinert med det spørjande, barnlege blikket på verda. Endeleg ei bok du aldri blir ferdig med, om du ikkje vil.

Fleire boktips