Boktips

Da Sallys pappa var liten

Dasalyyspappa
ForfattarThomas Brundstrøm
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Forfattar Thomas Brunstrøm og illustratør Thorbjørn Christoffersen står bak dei populære bøkene om Sally sin pappa.

«Da Sallys pappa var liten» (2023) blei startskotet på ein rekkje humoristiske biletbøker, kor vaksne og born ikkje kan anna enn å trekkje på smilebandet over pappaen som tullar og tøyser, lyg og overdriv. Og slett ikkje er som andre vaksne.

Du kjenner kanskje til typen som alltid må snakke om «gamledagar» og kor mykje verre born hadde det den gongen? Nettopp slik er faren til Sally. Ikledd svarte t-skjorter med rockemotiv og pipestilka bein med slim fit-jeans, er han kanskje ikkje bilete på den typisk «perfekte» farsfiguren. Han fortel den eine historia om barndommen etter den andre, slik at Sally skal forstå kor enkelt det er for born å vekse opp i dag. Når Sally ikkje likar middagen, seier pappa at han fekk busemenn og kald grus til middag som gut. Og når Sally vil ha alt i leiketøyskatalogen til jul, fortel han at då han var liten fekk han kun ein halv appelsin til jul.

Dessutan måtte han sove i ei pappeske og tennene hans vart pussa med ein spade. Og ein gong Sally spør faren om å få skyss til skulen, får ho til svar at som liten måtte han gå 14 km i djup snø til skulen kvar dag, og det berrføtt! Sally, som nok er i den meir snusfornuftige enden av skalaen til ein seksåring å vere, er oppgitt og litt i tvil om historiene pappa fortel er sanne. Kanskje farmor kan oppklara det?

Historia fenga frå første side og blir fortalt med eit glimt i auge akkompagnert med dei morosame illustrasjonane av eit moderne familiemiljø. Bøkene har blitt eit dansk barnebokfenomen som har selt ein million bøker og har blitt til både film og tv-serie. I Danmark er serien oppe i 14 bøker, og dei fem første er utgitt på norsk.

Fleire boktips