Aasmund sin lesekrok på Vinjerock 2024

Publisert: 01. januar 0001
Vinjerock2024 04

Etter fjorårets braksuksess med lesekrok på musikkfestivalen 1060 moh var vi klare for dyst i sommar også! Vinjerock og Aasmund sin lesekrok vart i år så heftig for biblioteket at vi trengte ein skikkeleg ferie etterpå, og difor kjem oppsummeringa litt seint. 

Samanlikna med 2023 var det stusseleg lesekrokver 18.-20.- juli under årets Vinjerock. Men vi klagar ikkje på det, for det var tilsvarande strålande festivalver! Som i fjor fylte vi bilen med hyller og bøker, og rigga oss til på kremplassen mellom baren og DNT i storteltet. Då festivalområdet opna torsdag kl. 14 hadde Silje og Marianne klar 12 hyllemeter med ca 300 bøker av ymse slag: dikt, romanar, kortare tekster, teikneseriar og fagbøker, frå gamalt til nytt, klassikarar til meir ukjende, for unge og vaksne, moro og alvor – kort sagt: noko for ein kvar smak.

I tillegg til lesekrok hadde Marianne to postar på preike-programmet til Vinjerock:

Torsdag kl. 15: Eventyrstund for vaksne, som vart introdusert slik: «Ikkje alle eventyr er for barn. Erotiske eventyr er på ingen måte for barn, og det er nettopp slike eventyr vi no byr på.» Ja, du las rett, Marianne hadde sagt ja til å ha høgtlesing av erotiske folkeeventyr. Og jo nærare programposten, desto meir usikker var ho på om dette var ein god ide, men no fekk det stå til. Ho rigga seg til nede i ein krok i storteltet og tenkte at om det kom 10-15 tilhøyrarar skulle det vere bra nok. Men der tok ho grundig feil! Kl. 15 stod både Silje og Marianne lamslåtte og såg ut på eit stappande fullt stortelt med over 250 tilhøyrarar!!
"Scena» vart kjapt flytt frå nedi kroken til midt i teltet, arrangøren fiksa lydanlegg og publikum fekk ein halvtimes eventyrstund. Vi fekk udelt positive tilbakemeldingar gjennom helga. Mest moro var det vel at ein hadde brukt oppatt eit av eventyra som sjekketriks.

Fredag kl. 10.45: Bokbad av Tor-Evert Grøndal om boka «Småbruksdrømmen – om livet på landet og hva vi egentlig lengter etter». Dette var spennande for oss båe, det var første gong Tor-Evert vart bokbada, og Marianne bokbada for første gong. Boka tek deg med på den personlege reisa som førde han til det enkle livet i Vang i Valdres. I tre kvarter prata vi om gardseventyret, dei indre demonane, utanforskap og kva me eigentleg leiter etter når me lengtar etter det gode livet på landet. Tor-Evert er ein skikkeleg grei fyr å prate med; han byr på seg sjølv og fortel raust og ærleg om korleis livet er og har vore. Vi håpar at dei rundt 130 publikummarane som sat inne på parkscena og ute i sola fekk ein god start på dagen saman med oss.

Trass det knallfine veret fredag og laurdag var det bra med folk innom lesekroken. Nokon slappa av og/eller kjøla seg ned i sakkosekken medan dei las, andre skumma hyllene, og atter andre spelte nokre intense rundar med sjakk. Og yatzy, mikado og kortstokkane vart flittig brukt. 

Laurdag var også sommarvikaren vår, Ayne, på plass. Då var vi tre om å sørge for at dei som kom til lesekroken fekk lånt ei bok, lese litt, skravla eller spelt ei runde. 

For statistikken: vi lånte ut ni bøker totalt, fem av desse vart levert att same helga, medan tre bøker framleis er på utlån. Kor mange bøker som er bladd i og kor mange folk som har vore innom lesekroken har vi diverre ikkje tal på, men vi har hatt mange hyggelege samtaler med festivaldeltakarar. Vi har hatt basis bibliotekopplæring: fleire veit no at dei kan lese bøker på nett via bokhylla.no og at bøker kan lånast og leverast ved kva som helst bibliotek i landet. 

Takk til festivalsjef Guro og alle hjelparane hennar for god mottaking og artige utfordringar i 2024!

Vinjerock2024 15
Fint å finne roa inne i finveret om ein vil, kanskje treng nokre ein kvil eller litterært input? Velkomne er dei uansestt :)
Vinjerock2024 18
Det var heftig sjakkspeling ei stund. Dei andre spela vi hadde med vart også flittig brukt, både inne og ute
Vinjerock2024 13
Skikkeleg stengt lesekrok, slik står den på kvelden når fokuset er fest og moro