Lån bok og møt opp på lesesirkelen

Publisert: 27. mars 2025
Kleindobbeltg

Kunne du tenke deg å prate om ei bok ilag med andre? Lesesirkelen møtast torsdag etter påske og skal prate om boka "Dobbeltgjenger" skriven av Naomi Klein. Kom innom og lån med deg boka no, så har du ein månad på å lese boka.

Torsdag 24. april kl. 19 møtast ein gjeng for å prate om boka til Naomi Klen: Lesesirkel 24 april

Lesesirkelen samlast 3-4 gonger i halvåret for ein uformell prat om ulike bøker. Dei har lese og prata om diktbøker, romanar, fagbøker og teikneseriar. Eit par gonger har forfattaren vore med på storskjerm og deltakarane har fått spørre om ting direkte.