Temakvelden om "Jøden og jorden" blir i Vangshallen

Publisert: 28. mars 2023
Jodenogjorden

Det er så stor interesse for bokkvelden om "Jøden og jorden" av Ingeborg Solbrekken at arrangementet blir halde i Vangshallen ved Vang barne- og ungdomsskule. 

Det vil seie at alle som har meldt seg på, får plass, og det er framleis mogleg å melde seg på.
Takk til dei som eigentleg har hallen torsdag kveld, men som let oss bruke den slik at vi kan få plass til endå fleire.
– Me er overvelda over at det er så stor interesse for boka og arrangementet. Ingeborg Solbrekken har skrive ei historie som for mange har vore ukjend, om dei mørke sidene ved ei lita bygd i Valdres under og etter krigen, og det er nok også ein viktig årsak til at så mange ynskjer å koma, seier Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i avisa Valdres.
Vi oppmodar til samkøyring, slik at flest mogleg får parkert ved VBU.
Møtet om boka "Jøden og jorden" av Ingeborg Solbrekken blir arrangert av Vang folkebibliotek, avisa Valdres og Vang frivilligsentral.