Vi har hatt besøk av Adam Schjølberg som prata om å vere mann og kor utfordrande det kan vere. I to bøker har han skrive om temaet med ulike vinklingar. Han anbefalte også å ta ein kikk på NOU 2004:8 som han var med og skreiv i fjor. Den handlar om nettopp det å vere mann og likestilling: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2024-8/id3035815/
John S. Jamtli fortalde om korleis han har jobba for å lage dei fem bøkene med historier frå 2. verdskrig. Her er både kjente historier, som kampen om tungtvatnet, og mindre kjente (for oss søringa iallefall) om seinkinga av Tirpitz, og historier som skildrar fiktive hendingar. Det ligg mykje arbeid bak desse beøkene, og det kjem fleir, men vi må vente til 2026, om eg hugsar rett.
Kom gjerne innom og lån bøkene til Adam og John!
Det som har tatt mest tid i februar er at vi har fått vere med på litteraturfestivalen på VBU. Dei har hatt tre veker med ekstra fokus på lesing og elevar har vore her, vi har vore i klassene og vi har hatt høgtlesing i friminutta for både småsteg, mellomsteg og ungdomssteget. Vi har ikke tal på kor mange bøker vi har tipsa om, lese frå eller prata om for og med ungane og ungdomane, men moro har det absolutt vore!
Også har vi hatt vanleg ope på folkebiblioteket og tatt i mot dei som kjem hit for å lese bøker, aviser og blad, leike i barneavdelinga eller ta seg ein kopp kaffi eller te.
Oppsummering februar 2025
Publisert: 28. februar 2025

Ei lita oppsummering frå februar er på sin plass, så de får sjå at vi faktisk gjennomfører det meste av det som blir annonsert.

