Livsnyterhagen med Anders Røyneberg (@arcticgardener)

10. mai
Anders&Erik
Dato 10. mai
Tidspunkt 12:00
Sted Vang folkebibliotek

Hage- og planteprofil Anders Røyneberg, også kjent som @arcticgardener på instagram, kjem til oss med hageforedrag. Med seg på scena har han medforfattar og kjærasten, Erik Schjerven.

I boka Livsnyterhagen - som dette hageshowet baserer seg på - blir vi med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige hage på Hadeland. Presentasjonen er spekka med bilete, film og gode idear som er enkle å gjennomføre uansett om du har liten balkong eller stor hage. Alle kan lykkast med å grøne opp uterommet sitt, er Anders si enkle tilnærming i sine foredrag. 

Gjennom foredraget får du:
* Gode balkong- og hagetips
* Inspirerande idear til krukker og bedd
* Praktiske råd for å lykkast med uterommet
* Trekning av grøn premie
* Moglegheit til å stille Anders og Erik spørsmål i etterkant og få konkrete råd
* Kjøpe bok, signert om ønskelig

Kom og få inspirasjon til uterom som ikkje krev all verds av innsats, der du verkeleg kan senke skuldrane og nyte livet.

Velkommen til hageshow!

Om foredragshaldarane:
Anders Røyneberg aka @arcticgardener er født på Jæren, oppvaksen på bondelandet i Østfold og no busatt på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og foredragshaldar.
Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna markedsfører. Han er, som Anders, planteelskar og arbeidar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har de også skrevet Krukkedilla, Plantelykke og Plantebonanza, som båe er bestselgarar i Noreg og oversett til ei rekke språk.