Boktips

Vi skulle vært løver

Viskullevaertlover
ForfattarLine Baugstø
Omtalt avTurid Bjørgo, Etnedal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Kan mus forvandle seg til løver? I boka Vi skulle vært løver, av Line Baugstø, får me kanskje vite litt om det.

Malin går i 7. klasse. Då ei ny jente, Leona, skal byrje i klassen, vonar Malin at dei to kan bli bestevener. Leona betyr løve, men det er lite som minner om det stolte, sterke og modige dyret fyrste gong Leona kjem inn i klasserommet.

Ei av dei kule jentene i klassen får oppgåva med å ta seg av den nye jenta i byrjinga, men ho går snart lei, og når «nyhetens interesse» har lagt seg, blir Leona sett på som ein kjedeleg raring. Ikkje er ho på sosiale media, og i gymgarderoben skiftar ho under eit slags telt.

Malin og Leona blir vener og finn ut at dei har mykje til felles. Men Malin oppdagar også at Leona lyg ein del. Er det noko ho skjuler?

Ein dag i gymgarderoben blir Leonas omkledningstelt rive av henne, og jentene skjønar kva som er Leonas store hemmelegheit.

Leona forsvinn og rektor kallar inn til foreldremøte. Er det at Leona har skifta i jentegarderoben eit overgrep mot jentene, slik enkelte foreldre meiner?

Malins mamma støttar Leona og familien fullt ut. Ho er glad for at Leona og Malin er blitt vener. Men greier Malin å vera ei god venninne? Har ho mot til å stå opp for Leona når dei andre frys henne ut?

Eg likte boka veldig godt. Forteljinga er lettlest og engasjerande og oppfordrar barn til å vera seg sjølve, til å vera ein ven for venene sine og til å kjempe for det ein trur på. Det handlar om Leona, men det er Malin som er hovudpersonen, det er hennes feigheit og etter kvart mot til å ta ansvar som er hovudforteljinga. Boka passar for aldersgruppa 9-13 år, men kan med fordel lesast av folk i alle aldrar.

Kva Leonas hemmelegheit er? Vart du nysgjerrig? Les boka!

Fleire boktips