Den gode stemninga endrar seg då Agnes ser Matteo kysse ei som går i klassa deira på ein fest. Agnes drikk seg full, kliner med og runkar ein fyr ho ikkje veit kven er – så opner Matteo døra. Måndag morgon har nokon skrive på doveggen «Agnes er ei hore» og verda til Agnes blir mørk. Ho har heldigvis besteveninna si Julie som står støtt ved sida til Agnes gjennom mørket.
Det er eit direkte språk og ei ærleg og viktig historie om sex. Blant alle kjenslane, handlingane og fokuset på sex er det eit lyspunkt med seksualundervisninga til vikarlæraren Bjørn. I «veke sex» er det fokus på samtykke og kva porno eigentleg er. Denne bolken i boka tenkjer eg er viktig for ungdommane og fin å lese for vaksne. Bjørn er rett på sak, har ikkje blygsel og elevane høyrer på han.
Boka er lettlesen og handlingsdriven. Med det direkte språket og alle detaljane tenkjer eg boka passar best for dei eldste på ungdomstrinnet og oppover. Kanskje kan den passe for dei yngre sidan mange får eit møte med porno tidleg, då kan denne boka vere ein tryggare inngangsport til akkurat det. Eg tenkjer den godt kan bli lest av lærarar, foreldre og andre som har med ungdom å gjere også.