Personvern

Sør-Aurdal folkebibliotek er opptatt av å verne personopplysingane dine. Difor handsamar vi dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Denne personvernerklæringa skildrer kva for personopplysingar vi registrerer når du blir låner hjå oss, nyttar Mine sider og vitjar denne nettsida (seinare omtalt samla som tenestene våre).

Vi oppmodar deg til å lese grundig gjennom denne personvernerklæringa.

Behandlingsansvarleg

Sør-Aurdal folkebibliotek ved bibliotekleiar er ansvarleg for handsaming av personopplysingar i samband med tenestene våre. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til personvernerklæringa eller rettane dine etter personopplysingslova, kan du kontakte oss

Personvernombud

Sør-Aurdal kommune har eige Personvernombud, som skal gje innbyggjarane i Sør-Aurdal og dei tilsette i Sør-Aurdal kommune råd ved behov. Personvernombudet vil bidra til etterlevelse av personvernlovgivningen, les meir og finn kontaktinformasjon her.

Korleis vi handsamar dine personopplysingar

Avhengig av kva som er det rettslege grunnlaget for handsaming av personopplysingane dine, vil dei bli lagra til du seier opp låneavtalen, eller trekker tilbake eit samtykke.

Vi ønsker å slette opplysningar for lånarar som er inaktive i ein lenger periode. Per i dag kan vi ikkje sjå om lånekortet har vore nytta til innlogging i digitale tenester, og vi kan difor ikkje vurdere om ei låneavtale er «aktiv». Når det kjem på plass ein funksjonalitet som gjer at vi kan sjå dette, vil vi definere kor lang tid personopplysingane skal lagrast etter at ei låneavtale har vore i bruk.

Personopplysingar knytt til fakturaer og betaling vert lagra i 10 år, fordi dette er eit krav som følger av rekneskapslovgjevinga. Vi deler ikkje personopplysingane dine med andre, med mindre dette vert sagt uttrykkeleg.

Kven deler vi våre opplysinger med?

Dine personopplysingar vil bli gjort tilgjengeleg for dei tilsette som treng å sjå det for å kunne utføre sine funksjonar på biblioteket med omsyn til tenestene du har bede om eller har avtala å bruke. Biblioteket nyttar seg av tredjepartsleverandørar til å utføre enkelte funksjonar eller for å tilby enkelte tenester på våre vegne. Sør-Aurdal folkebibliotek inngår databehandleravtalar med alle verksemder som behandlar personopplysinger på våre vegne. Dei kan ikkje behandle personopplysingene på andre måtar enn det som er avtala med oss, og har samme teieplikt som tilsette på Sør-Aurdal folkebibliotek.

Opplysingar du gir oss

Biblioteket handsamar personopplysingar du sjølv gir oss. Det rettslege grunnlaget for slik handsaming er låneavtalen (GDPR artikkel 6 nr 1b – «behandlingen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er part i»).

For å låne bøker og andre medium, eller nytte mange av dei andre av tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når vi registrerer deg som lånar. Dersom du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan vi knyte det til biblioteket vårt. Du treng ikkje meir enn eitt nasjonalt lånekort. Dei same opplysingane vert handsama  anten vi registrerer deg som ny lånar, eller vi knyter eit lånekort du allereie har til biblioteket vårt. Når vi registrerer deg som lånar, vil vi samle inn og lagre opplysingane dine om fornamn, etternamn, kontaktinformasjon (adresse, epost og telefonnummer), fødselsdato og fødselsnummer/ID-nummer og heimebibliotek (det biblioteket du nyttar mest).

Vi treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrere lån, og dermed oppfylle avtalen vi har med deg. Vi treng fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låne av oss og kva for rettar du har. Vidare samlar vi inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunne kople deg til nasjonalt lånerregister. Fødselsnummeret er naudsynt for eintydig identifikasjon av personar.  Du kan reservere deg mot å oppgi heile fødselsnummeret ditt, men da kan vi berre gi deg eit lokalt lånekort. Dette lånekortet gjeld berre i vårt bibliotek.

Nasjonalt lånarregister

Dette er ein nasjonal database med personopplysingar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunne bruke nasjonale lånekort, vert lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen vert det lagra opplysingar om:

  • Lånarnummer
  • Fødselsdato
  • Kjønn
  • Kryptert fødselsnummer
  • Namn
  • Inntil to postadresser
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Føretrekt kontaktmetode: brev, e-post eller SMS
  • Heimebibliotek: det biblioteket du bruker mest
  • PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteka sine web-løysinger
  • Opplysingar om kva for bibliotek lånaren er knytt til

Det vert ikkje lagra opplysingar om utlån, reserveringar eller andre tilhøve mellom lånaren og det enkelte biblioteket i denne basen. Ingen av opplysingane i Nasjonalt lånarregister er sensitive etter personopplysingslova. I Nasjonalt lånarregister er det lagt vekt på å følge reglane for handsaming av personopplysingar:

  • Adresseopplysingane dine vil ikkje bli selde eller gitt vidare til andre.
  • All kommunikasjon mellom det enkelte biblioteket og det nasjonale lånarregisteret er kryptert og beskytta av brukernamn og passord.
  • Opplysingane vil bli oppbevart til lånaren krev dei fjerna, eller eit av biblioteka lånaren er knytt til får melding om dødsfall.
  • Nasjonalbiblioteket er behandlingsansvarleg for opplysingane i nasjonalt lånarregister.
  • Du kan sjå kva for opplysingar som er lagra om deg ved å logge deg inn på https://nb.bib.no/ med lånarnummer og pinkode/passord eller med bankID el.l..
  • Du kan krevje opplysingane endra eller sletta i alle biblioteka der du nyttar kortet.


Lånehistorikk

Standardinnstillinga i biblioteksystemet er at opplysingar om kva du låner vert sletta når du leverer tilbake lånet, eller betaler erstatning for materiale som er tapt eller skada medan du har disponert det. Du kan gå inn i innstillingane og slå på (og av) lagring av lånehistorikk.

Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved. Du kan logge deg inn på Mine sider og velje at systemet skal hugse lånehistorikken din. Eit slikt aktivt val er å rekne som samtykke. Viss du seinare ombestemmer deg og vel bort lagring av lånehistorikk, vil heile historikken bli sletta.

Utlånssystemet for e-bøker (BookBites) lagrar lånehistorikken din.

Informasjonskapslar/cookies og lokalt lager

For å lese meir om personvern og informasjonskapslar for denne nettstaden, klikk her.

Innsyn og sletting av personopplysingar

Du kan krevje innsyn i opplysingane vi lagrar om deg, og krevje at dei vert retta om du finn feil. Du kan også avslutte låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi sletter personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at vi ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtalen.

Du kan logge inn på Mine sider for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønsker sletting av informasjon, kan du kontakte biblioteket ditt. Det er mogleg å sende ein offisiell klage til Datatilsynet dersom du meiner at handsaminga av personopplysingane dine strid mot personopplysingslova.

Kameraovervaking i samband med meirope bibliotek

Hovudbiblioteket på Bagn har installert overvakingskamera i samband med meirope bibliotek. Meirope bibliotek vil seia at brukarar av biblioteket vil få tilgong til å koma inn i bibliotekslokalet utanom ordinær, bemanna opningstid.

Av omsyn til brukarane si sikkerheit, og for å beskytta inventar og utstyr, blir biblioteklokalet overvaka med videokamera. Opptak blir oppbevart i 7 dagar og vil kunne bli oversendt til politiet ved avdekking av lovbrot eller hærverk.

Det er i utgangspunktet bibliotekleiar som vil vera overvakingsansvarleg og handtera opptaka, men bibliotekleiar vil kunne delegera til andre ved lengre fråvær.

Overvakinga består av 6 kamera fordelt i lokalet, og 1 kamera knytt til inngangsdøra. Alle seks kamera lagrar berre opptak ved rørsle i biletet, og det vert ikkje tatt opptak i ordinær opningstid. Overvakingsansvarleg har tilgang til alle opptaka, men med mindre det er mistanke om lovbrot eller uønskt åtferd vil ein halda seg til opptaka frå inngangen som identifiserer dei som har logga seg inn på innloggingspanelet og dei som har utløyst alarmportalen.

Underskriving av tilgang til meirope bibliotek er frivillig, og dei som ikkje ønskjer å bli filma kan bruka biblioteket i ordinær opningstid.