Meirope - sjølvbetjent bibliotek

Velkomen til meirope bibliotek på Bagn!

For å få tilgong til meirope (sjølvbetjent) bibliotek må du ta kontakt med oss på biblioteket for rettleiing og informasjon. Du må òg skriva under på ei kontrakt med biblioteket slik at du kan bruke lånekortet ditt til tilgongskort.

Det vil vere peronale i biblioteket i deler av den ubetente opniningstida for å gjere kontorarbeid. Treng du hjelp må du vere snill å ta kontakt i betent opningstid.

Kven kan bruke meirope?                                                                

Tilbodet er for alle registrerte lånarar over 18 år. Born kan nytta tilbodet om dei kjem i følgje med foreldre/føresatte som har ansvar for bornet.

Lag og foreiningar som ynskjer nytte biblioteklokalet til møter må skriva under på eigen kontrakt. Bibliotekslokala blir ikkje stengd under møter, så lånarar kan kome inn og nytte lokala, låne bøker osb. Her er det viktig å vise hensyn til kvarandre.

Når er det ope?

Meirope vil vere tilgjengeleg alle dagar mellom 07.00 - 22.00.

Ved arrangement ber me om å vise hensyn. 

Vårt felles bibliotek

Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Det meiropne biblioteket byggjer på eit tillitsforhold mellom brukar og bibliotek - du bør difor passe godt på og halda ro og orden.

Tilgong og bruk

  • Før du kan nytte tilbodet må du signera ei kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
  • Lånekortet og pin-koda er personleg og skal ikkje brukast av andre enn deg.
  • Born kan bruke tilbodet om dei kjem i fylgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for borna hen tek med seg.
  • Biblioteket kan stenge tilgongen om brukaren bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
  • Du kjem inn i biblioteket ved å registrera lånekort og pin-kode i kortlesaren ved døra. Samstundes blir det tatt eit bilete av deg. For å koma ut trykkjer du på ..... Døra står ope ei stund, ver venleg å sjå til at ingen andre enn du sjølv og eventuelle born som er med slepp inn.
  • Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stenge, ver vennleg å forlat biblioteket innan stengetid.
  • Orienter deg om kvar nødutgongane på biblioteket er. Du må forlate lokala ved brannalarm.
  • Heile biblioteket er videoovervaka. Overvakinga er for di sikkerheit og for bibliotekets innventar, utstyr og mediesamling. 

Les meir om kameraovervaking og personvern her.