Hausten på biblioteket

I haust blir det ulike arrangement på biblioteket - les om dei her!

Fyrst ut er Strikk/spikk og lytt.
Fyrste kvelden er tysdag 26. september kl. 18:30 - 20:00.
Neste er tysdag 24. oktober til same tidspunkt.
Siste for i haust er tysdag 21. november til same tidspunkt.

Det neste på programmet er årets Valdres litteraturfest!
Det kjem meir om dette etterkvart, men sett av datoene 6.-12. november!.
Spesielt merk deg tysdag 7. og torsdag 9. her i Sør-Aurdal. Fredag 10. blir det felles Lesefest på Fagernes med mykje spennande på programmet - følg med!

Ordførerens hjørne er tilbake!
Møt ordfører Marit Hougsrud på biblioteket for ein prat over ein kopp kaffe.
Tysdag 28. november kl. 17:00-18:00 møter du ho på biblioteket på Bagn.
Torsdag 30. november kl. 17:00-18:00 møter du ho på biblioteket i Hedalen.