Utlånstoppen 2024

Publisert: 01. oktober 2025
Heimeside Covers

Sjekk kva sør-aurdølane leste mest i 2024. 

Fekk du ikkje lest desse i 2024, så er det framleis moglegheit i 2025. 

Gå inn i vår bokbase, logg deg inn, søk opp og reserver bøkene allereie no!

I 2024 var det desse som var på utlånstoppen for vaksne:

Skråpånatta og Sønnavind-serien er begge lånt ut 14 gonger og er på toppen, tett etterfulgt av Skriket som vart lånt ut 13 gonger.

Den dagen Nils vik døde, Kongen av Os og Tørt land deler plassen om å vere utlånt 10 gonger, mens Alvestad-serien er lånt 9 gonger.

Så må det nevnast at Skred av Sara Strömberg og Tolv utemte hester av Anne Holt også er lånt 9 gonger.

 

For born og ungdom er det desse som var mest lest i 2024:

Nordlys-serien er på topp, og om me legg saman alle bøkene er det heile 83 utlån! 

Nordlys 2: Vikingene og orakelet er lånt ut 20 gonger og er lånt mest av bøkene i serien. Første bok i Detektivbyrå Nr. 2: Operasjon Tordensky er på andreplass med 17 utlån. Edelmot-serien var også populær i 2024 med 27 utlån til saman, delt på Edelmot (bok 1, 14 utlån) og Nekromanseren (bok 2, 13 utlån).

Jenter, ein grafisk roman, hadde 12 utlån og delte plassen med teikneseriebiografien om Max Manus.