Tøyveskebibliotek i barnehagene

Publisert: 20. mars 2025
IMG 5830

No kan familier med barn i alle barnehagene i kommunen ta med seg ei tøyveske med tre bøker samtidig som dei henter barna!

Tøyveskebibliotek er ei super ordning der barnehagene og biblioteket legg til rette for at det skal bli enklare og meir tilgjengeleg å få til høgtlesing for og med barna. I barnehagene heng det tøyvesker med tre bøker som ein kan ta med seg heim.

Ein skriv namn og nummeret på veska på ei liste som heng i barnehagen og så kan ein låne tøyveska med seg heim i maks to veker - så enkelt! 

I Hedalen har dei allereie hatt det ei periode og fekk nye bøker no i mars. Begnadalen fekk sine fyrste tøyvesker i mars, mens Reinli har hatt sine i ca. to månader. 

Tilbakemeldingane er positive, både frå barnehager og foreldre/foresatte. 

Å finne, merke, registrere og låne ut 144 bøker tar litt tid, men når tilbodet blir tatt så godt i mot er det veldig moro! Takk til barnehagene som er så opne og innstilte på samarbeid. Då er det ingen sak å legge til rette for leseglede for barnehagebarn og familier!