Sør-Aurdal les saman

Publisert: 11. september 2024
Sør Aurdal Les Saman

Bli med på Sør-Aurdal les saman, ei lesekampanje ved Sør-Aurdal folkebibliotek.

Synast du det er vanskeleg å finne lesemotivasjon? Har du lyst til å byrje å lese eller lese meir enn du gjer, men synes det er vanskeleg å finne tid og ro til å sette deg ned?

Du er ikkje åleine! Difor ynskjer me å dra i gong ei lesekampanje som me håper vil bidra til meir lesemotivasjon.

Hovedtiltaket i kampanja er det me har kalt for Leseope/leseåpent bibliotek, då held me bibliotekslokalet ope ein time ekstra nokre tysdagar og torsdagar fram til desember. Denne timen er atterhaldt lesing. Du finn datoane under arrangementa våre.

Blir du med på Sør-Aurdal les saman kan du vere med i trekninga om flotte premiar!

Brosjyre med meir informasjon og der du kan samle stempel finn du på biblioteket. 

Eit stempel = eit lodd

Du kan stemple når du:

  • blir med på Sør-Aurdal les saman
  • les på Leseope bibliotek
  • tar med ein ven
  • deler ei leseoppleving med emneknaggen #salessaman
  • er med på Sitt og lytt
  • les ut ei bok
  • kjem på eit arrangement på biblioteket
     

Lesekampanja er molgeg med støtte frå Nasjonalbiblioteket.