Digihjelpen hausten 2024

Publisert: 21. august 2024
Digihjelpen Heimeside

Digihjelpen drop-in-tilbod på biblioteket.

10.00 - 11.00 annankvar onsdag, i oddetalsveker, er det drop-in digihjelp på biblioteket på Bagn. 

Det er eit lavterskel veiledningstilbod innan den digitale verda. Du kan ta med deg PC, nettbrett og mobiltelefon og få hjelp til det du lurer på. 

Dette er eit samarbeid mellom Sør-Aurdal kommune, velferdsteknologikoordinator, frivilligsentralen, frivillige Digiverter og biblioteket.

Trygg tilgong og bruk av den digitale verda er viktig for befolkninga, og av og til ei føresetnad for å kunne løyse kvardagslege oppgåver, eller bidra til ei forenkling av kvardagen. Å meistre det ein har behov for i den digitale verda kan føre til ein betre kvardag for mange. Vi beheld vår sjølvstende, evne til å løyse enkle kvardagsoppgåver, og kanskje bidrar det til ei tru på at ein mestrar framtida, både innanfor det digitale, men også innan andre områdar i livet.

Datoar i haust:

28. august

11. september

25. september

9. oktober

23. oktober

6. november

20. november

4. desember

18. desember