Bygda er for alle
Publisert: 02. februar 2023

Vårt arrangement Skeiv på bygda er ein del av temaveka Bygda er for alle i Sør-Aurdal.
Arrangementet er for alle, om du er streit, skeiv, ung, gamal, nysgjerrig eller utlært - kom og høyr Knut Aastad Bråten og Ragnhild Lund samtale om å vere skeiv på bygda.
Under denne temaveka er det óg arrangement for skuleelevar. Tema for arrangementa er inkludering, fordommar og korleis handtere vanskelege følelsar.