Boktips

«Til jord skal du bli» og «Til døden skil oss»

Totlandboktips
ForfattarAnders Totland
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Eg anbefalar deg å lese dei herlege bøkene til Anders Totland! Og er du kjapp, rekk du det før han kjem til eit bibliotek nær deg i Valdres neste veke.

«Herlege? Såpass?», tenker du. «Så absolutt!», svarer eg då, «desse bøkene er fulle av sprelske, vittige og actionfylte situasjonar med den pensjonerte presten Jacob Juul i hovudrolla. Her kan du både skratte og humre, og mest sannsynleg vil du bli overraska over ei og anna uventa vendinga i historia».

Jacob Juul har vore prest i ei bygd på Austlandet i ein mannsalder. Ved sidan av presteyrket har han jakta ilag med lensmannen og forsynt bygda med heimebrent, ein geskjeft som på ein måte er velsigna av biskopen.

Vi møter Jacob i det han får uventa besøk av eit par torpedoar. Eg slit litt med å samanfatte korleis det går føre seg at han på få dagar blir bestefar til ei sju år gamal jente, samtidig som han i eit basketak med torpedoane kjem til å drepe den eine og må skjule liket i spritskjulet sitt. Du får nok heller ta bøkene fatt og kose deg med forviklingane sjølv.

Totland skriv godt og er lett å lese, og teksten er full av humoristiske ord og finurlege skildringar. Eit godt døme er korleis han skildrar den nye presten i bygda: «Om det er noko som helst i det gamle ordtaket om at eplet sjeldan fell langt frå stammen, er eg rimeleg sikker på at Maria må ha blitt fødd i ei bratt skråning der oppe i Trøndelag ein stad».

Bøkene får du lånt som fysiske bøker på biblioteket eller i appen vår, BookBites, for å lese på skjerm eller å lytte.

Fleire boktips