Mikkjel Fønhus skriv velsigna korte og lettleste bøker, samtidig som han kan lesast om att og om att og – kanskje? – bli sitjande i deg for alltid. Forteljinga om Heine Juvet og jakta på Treføtningsjerven er for meg ei av dei meir actionfylte bøkene. Ei lang jakt startar når Heine oppdagar at ein utspekulert jerv har sniki til seg rypefangsten hans. Jerven går i fella Heine set opp, men han gneg av seg labben for å koma laus og Heine set i gang med å spore den no trefota jerven over dei snødekte viddene. Det blir ein kamp på liv og død, om mat og overleving for både dyr og menneske, som kulminerer i showdown i ei ur på vidda.
Eg halsar ivrig i skispora etter Heine Juvet når han fér over fjellviddene, og eg frys med han i tilhaldsplassen «Hiet». Samstundes gler eg meg også barnleg over korleis den smartingen av ein jerv stadig lurer seg unna døden på snedig vis.
Kven som til slutt lurer kven, røper eg ikkje, men når siste side er bladd om, sit eg ei lita stund i stille ettertanke omkring naturen, alt og alle i han, og at det er muleg å skrive om dette storslagne på ein slik likefram, enkel og vakker måte som Fønhus gjer.
Forteljinga er spennande, men kjennest samstundes litt sår og vemodig, då ein av dei to jo MÅ tape! Det er nesten så eg blir nostalgisk; dei fantastiske naturskildringane minner meg om kva vi hadde, kva vi har og kva vi kan miste. Vel, eg vedder på at du, uansett posisjon i rovdyrpolitikken, vil ha glede av akkurat denne jakta og dei gneistrande, nedtona natur- og vinterskildringane til Fønhus.