Budeiene - døtrer av naturen

05. april
Budeiene
Dato 05. april
Tidspunkt kl 13:00
Sted Øystre Slidre folkebibliotek
Laurdag 5.april kl 13.00 kjem Inger Marie Vingdal på besøk til Øystre Slidre folkebibliotek og fortel frå nye boka si. Gratis inngang, velkomen!
"I denne boka blir du med budeiene til på stølen (setra). Du blir kjent med budeieliv frå 1850 og fram til i dag. Vi har hatt stølar over heile landet; i skogen, på heia, langs kysten, ute på øyane og i fjellet. Heilt til dei siste åra har budeia vore ei kvinne. På stølen har ho vore sjefen i uminnelege tider, her har ho levd i naturen og skaffa mat. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i skog og fjell og var sjølvhjelpne og sjølvstendige. Dei utnytta ressursane i pakt med naturen og tok vare på dyr og folk. Vi har mykje å takke budeia for, ho har vore viktig for matproduksjon, for naturkompetanse, naturrespekt og for kulturbygging. Det er ikkje utan grunn at stølskultur og budeia er på Unesco si verdsarvliste!
Sjølv om det er skrive mange stølsbøker, er det lite om budeiene og kvardagslivet deira. Eg har difor intervjua budeier i ulike landsdelar og leita etter budeiestemmer og budeieliv i forsking, lokalhistorie og anna litteratur. I denne boka er budeia hovudpersonen."