Barnehagebibliotek

Gjennom eit prosjekt støtta av Nasjonalbiblioteket i 2024, oppretta Øystre Slidre folkebibliotek enkle barnehagebibliotek i Beito, Heggebø og Rogne barnehagar. Til saman fem kasser med kasserte biletbøker frå våre samlingar vart sett ut. Foreldra kan låne med seg desse bøkene heim, utan å registrere dei. På denne måten blir lesinga for barna eit lågterskel-tiltak. Kassene står i inngangspartiet i barnehagane, og det skal vera lett å ta med seg ei bok på veg ut døra. At det er kasserte bøker som elles ville bli kasta på grunn av plassmangel, ser me på som eit miljøtiltak. Bøkene får eit nytt liv. Tiltaket er populært, og det er gode attendemeldingar frå foreldra og barnehagepersonalet. No er me i gang med å søkje støtte til innkjøp av fleire bøker, tilpassa aldersgruppa 0-5 år.