Boktips

Ikke!

Ikkeikkeikke
ForfattarGro Dahle
Omtalt av Ingrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

«Ikke klapp hunder du ikke kjenner! Ikke klatre for høyt! Ikke spis så mye sukker! Ikke! Ikke! Ikke!» 

Høyrest dette kjent ut? Forfattar Gro Dahle og illustratør Svein Nyhus har vunne mange prisar for bøkene dei har laga saman. Tidlegare i år blei det kjent at biletboka «Ikke!», som kom ut i fjor, er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2023.

Kunstnarduoen har samarbeida om biletbøker i ei årrekkje, og er særleg kjent for å lage bøker som utforskar krevjande, viktige og vonde tema som vald i heimen, omsorgssvikt, skilsmisse og identitetsproblematikk. Tematikken denne gongen er omgrepet helikopterforeldre. Om foreldre som svevar over barna sine som eit helikopter og ikkje gir slepp.

Vi møter tøffe og modige Tiki som elskar å utforske verda. Tiki er ikkje redd for noko, snarare tvert i mot. Men mamma og pappa, dei finn stadig fleire ting Tiki må passe seg for. «Nei, nei, nei, nei nei! roper pappa. Ikke så høyt! Forsiktig! ropar mamma. Vi vil ikke at du skal slå deg! Er alt farlig? Spør Tiki og blir redd». 

Foreldra sin uro begynner å smitte over på Tiki. Og Tiki krympar i storleik og blir mindre og mindre. Pappa tenker først at det er bra at Tiki er blitt liten, at det er tryggare. Til slutt blir ho så liten at den einaste måten foreldra føler ungen er heilt trygg, er inn i ei glasskule som kan leggjast i pappa si arbeidsveske. Men korleis skal Tiki finne ein veg ut av den og blir stor igjen? Og kan ho lære mamma og pappa, at sjølv om ting kan vere skummelt så går det som oftast bra?

Dahle sin kreative bruk av mange språklege bilete, gjentakingar og utropsteikn, skapar nærmast ei insisterande kjensel i boka, og resultatet blir ein suggerande tekst som er super for høgtlesing. Boka «Ikke!» er ei nydeleg historie til alle barn med utforskartrang – og alle foreldre som kanskje kan mase litt mindre. Den passar for barn i alderen 3–6 år. 

Fleire boktips