Boktips

Ellinor Vest får vinger

Boktips+Ellinor+Vest
ForfattarGudrun Skretting og illustratør Eivind Gulliksen
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Forfattar Gudrun Skretting og illustratør Eivind Gulliksen har laga ei varm, humoristisk og tankevekkande forteljing om venskap og det å vere annleis.

«En helt uvanlig mandag morgen våkner Ellinor Vest og har fått vinger». Slik startar denne nydelege biletboka om barnehagejenta, Ellinor. Men noko så fantastisk blir fort eit problem når ønsket er å vere kjempevanleg. For det er jo ikkje heilt vanleg å få vingar når ein er eit menneske?

Fly klarar ho heller ikkje. Så kva skal Ellinor gjere, klippe dei av? Foreldra prøver så godt dei kan å hjelpe Ellinor og syr flotte kapper til henne som kan gøyme vingane. Dei syr kapper for regnvêr og for badestranda, nattkapper og fotballkapper og ei vinterkappe med hette, ja dei syr til og med ei bursdagskappe!

Men vingane gir seg ikkje og ein dag når Ellinor er i bursdagselskap skjer det verst tenkelege, vingane løfter henne opp i taket og alle venene hennar får sjå det som har vore så hemmeleg. Ellinor fryktar det verste, men etter kvart får ho sjølv erfare at det faktisk er ganske fint å vere annleis.

«Ellinor Vest får vinger»(2023) er ei forteljing om å akseptere det å vere annleis både hos seg sjølv og andre, og at noko som er uvanleg kan vere både kult og morosamt.

Forfattaren skriv på ein levande måte som fenga små barn og dei får stor medkjensle for karakterane. Ved å skrive positivt om det å vere ulik og annleis så skapar det forståing for at alle er gode nok som dei er og at ikkje alle nødvendigvis treng å vere heilt lik.

Verknadsfulle og livlige illustrasjonar med tydelege overnaturlege element gjer dette òg til ei fantastisk forteljing om eigenskapar barn ønsker seg, tenk å vakne med vingar eller hale!

Både treåringen og seksåringen her heime likte boka godt. Boka passar kanskje best til denne aldersgruppa, sidan hovudpersonen går i barnehagen, men forteljinga kan like godt passe for litt eldre barn. Eg trur nok at vi vaksne har vel så mykje å lære om det å vere annleis som det barna har!

Fleire boktips