Me lærer òg at ho var ein del av leiinga i UX under andre verdskrig, ein etterretningsorganisasjon som jobba med motstand under krigen. Ho levde eit dobbeltliv og var både forskar og motstandskvinne. Me får døme på hendingar under krigen der ho nesten blir oppdaga, men ho har flaks og blir aldri avslørt. Ho får òg tilgang til Hardangervidda for å forske på humlebestanden der då det eigentleg er stengt for sivile å reise dit, ho må søke om tillating.
I tillegg til å studere humlane og blomane, brukar ho tida på å fotografere terrenget for å sende til dei allierte i London. Dette er ein biografi i teikneserieformat. Saman med historia om Astrid får me vakre illustrasjonar av humlar, blomer/vekster og hendingar under krigen.
Fargebruken er god og viser ekstra tydeleg kor grått og mørkt livet var under krigen.
Det er ein lettlest og nydeleg illustrert teikneserie om ei for meg ukjent og fascinerande kvinne. Lene Ask har òg skrive ei teikneseriebok om misjonærborn, «O bli hos meg», som ho fekk prisen Årets tegneserie i 2022.