Vannlilje lever eit lukkeleg og fredeleg liv, i lag med venene sine. Nett som ei vannlilje har ho sterke, lange røter seier mor hennar. Men brått smell det, og mora rekk så vidt å gje Vannlilje nokre pengar og be henne springe i førevegen. Alt skjer så brått. Plutseleg er ho på havet i ein open båt i lag med framande menneske. Me følgjer henne på ei farleg reise til eit ukjent land.
Teksten til Veronica Salinas er enkel og poetisk, og i lag med dei vare og detaljerte illustrasjonane til Narges Mohammadi, gjev boka ei god balanse mellom vakre landskap, uttrykksfulle menneske og den brutale situasjonen dei er i.
I tillegg til å gje barn og vaksne auka forståing og sympati med dei som har opplevd å flykte, kan boka også hjelpe dei som har vore igjennom slike traume, slik at dei lettare kan finne ord for opplevingane.