Boktips

Ti kniver i hjertet

Ti Kniver I Hjertet 2
ForfattarNora Dåsnes
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Tuva er 12 år og skal byrje i 7. klasse. Ho gler seg så masse til alt ho skal gjere saman med besteveninnene Bao og Linnéa! Det er spesielt fem ting ho vil gjere i sjuande: skrive ut ei heil dagbok, få kul stil, bygge den BESTE basen i skogen med Bao og Linnéa, dra i overnattingsbursdag (+ være oppe seint) og bli forelska (kanskje).

Det er fyrste skuledag og så vil ikkje Linnéa vere med å lage base i skogen, sjølv om det var alt dei prata om i sumar, kva er det med ho? Dette må Tuva finne ut av og avtaler møte i dokkestua (dokkestua til Tuva, einaste plassen dei kan prate i fred). Der fortel Linnéa at ho har fått kjæraste! Ho er forelska! Korleis kan Tuva bli forelska? Ho byrjar tenkje gjennom gutane i klassen, men nei. Gutane i korpset? Nei. Vil ho eigentleg bli forelska? Bao synes forelsking er det dummaste og teitaste i verda, så kva skal Tuva gjere og kven skal ho vere? Jentesomblirforelska eller jentesomIKKEblirforelska?

Ti kniver i hjertet er ei fin bok for alle aldrar. Den er ei blanding mellom dagbok og teikneserie. Lesaren følgjer tett tankane til Tuva i dagbok-stilen og får eit litt større overblikk når teikneserie-rutene fortel historia. Det er ei bok om korleis ein kan føle seg i overgangen mellom born og ungdom. Det er fine illustrasjonar, dagbok-stilen gjer det veldig personleg og ein føler verkeleg med Tuva i alle følelsane hennar gjennom denne fasen i livet.

Tuva blir forelska, men det blir ikkje som ho hadde trudd. Pappaen har gått i demonstrasjon med regnbogeflagg så han treng ho ikkje bekymre seg for.

Fleire boktips