Boktips

Lisa gikk til skogen

Lisa Gikk Til Skogen
ForfattarKjersti Annesdatter Skomsvold
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Kjersti Annesdatter Skomsvold har i denne boka skrive om dei som ikkje tar så mykje plass, dei sjenerte barna. Me blir kjent med Lisa som aller helst vil tenkje på tal og kose med kaninen sin Hypatia. På skula seier ho ikkje eit ord, sjølv om ho fleire gonger tenkjer på ting ho kunne sagt og svart på i timane, stopper orda før dei kjem ut av munnen hennar. Den rake motsetninga er tvillingsystera hennar Vera, ho pratar og skratar og har mange vener. Lisa får ofte dårleg samvit ovanfor Vera, det kan ikkje vere enkelt å ha ei så håplaus syster.

Lisa har det heilt greitt på skula, ho er for det meste åleine og tenkjer på tal. Ho funderer i blant på kvifor ho og Jonas som var så gode vener i barnehagen ikkje pratar saman lenger. Etter at dei byrja på skula klarer ikkje Lisa å seie noko, og til slutt seier ikkje Jonas noko heller.

Ein dag blir det oppdaga noko som endrar alt. I notatboka til Jonas er det nokre som ser at han har teikna eit hjarte og inni det står det Lisa. Ho skjønar ingenting, det må jo vere ein feil, og Lisa får dårleg samvit for at Jonas no vil bli støytt ut akkurat slik ho er. Snart byrjar Lisa å gå til skogen, i staden for til skula.

Skomsvold har skrivi ei veldig fin barnebok som sjenerte barn kan kjenne seg igjen i. Som sjenert born sjølv tenkjer eg kor fint det hadde vore å lese om Lisa som liten.

Det er ei stille bok med ei stille jente som hovudperson, den inneheld likevel tema som dei fleste har i livet, både vennskap og forelsking, familieforhold og kaninar. Boka er skrive for mellomtrinnet, men kan godt lesast av dei litt yngre og absolutt dei som er eldre.

Fleire boktips