Kvinnekamp
I høve den internasjonale kvinnedagen 8. mars har eg samla nokre boktips som handler om kvinnekamp og feminisme. Her finn du blant anna bøker om enkeltkvinner som har vore viktige i kvinnekampen, kvinnehistorie, eldre og nyare feminisme-litteratur, bøker til ungdom og til born.
Marta Breen og Jenny Jordahl - radarpar innan feministisk litteratur
Det har tatt mange år og kamper å få den likestillinga me har i Noreg i dag. Det er mange kvinner som har kjempa for å få rettigheitane me har no. I denne boka serverer Breen og Jordahl lesarane mange av kampane som har blitt utkjempa.
Den dag i dag er det menn som dominerer i historiebøkene og som det blir skrivi biografier om, åtte av ti er om menn, sjølv den dag i dag.
I denne boka har Breen og Jordahl samla fleire spennande og fascinerande kvinner. Det er krigsreporter, prest, kommunist, jazzsangar osb.
Gjennom historia har feminister blitt trakassert, fengsla og drept. I dag sit dei fengsla i Iran og Saudi-Arabia, likevel veks det stadig oppe nye generasjoner med kvinner som tør å kalle seg feminister.
Her får me servert patriarkatets kulturhistorie. Med humor skriv Breen og Jordahl om korleis menn frå Aristoteles til Woody Allen har beskrevet verda frå sitt mannlige blikk, og dei viser korleis kvinner har kjempa i mot undertrykkelen. "Bli med på å knuse patriarkatet ein gong for alle"
Her har dei med seg Madeleine Schultz som bidragsyter.
Her får me tips til å møte typiske argument og klisjeer i debatten om likestilling. Det er ein morsom og politisk sjølvhjelpsbok.
Marta Breen og Jenny Jordahl svarer i denne boka på spørsmål dei sjølv stiller, som: Hvorfor synes folk fortsatt det er verre med full kvinner enn full menn? Hvorfor klarer ikke Hollywood å skildre kvinnelige journalister? Trenger vi en lystpille for kvinner? Og hva var egentlig den historiske rumpefeiden?
Her får me ein gjennomgang med korleis kvinner er blitt framstilt i media og samfunnet gjennom mange år.
I denne boka får me historia til Aasta Hansteen, kvinnesaksforkjemper som var langt forut for si tid.
Skjønnlitterært for vaksne
Diktsamlinga til Ringdal er ei samling med opne, hemmelighetsfulle, forbanna og søkande dikt. Dei handlar om undertrykking, raseri og søsterskap og du kjenner dei på kroppen.
Dette er fyrste bok om ein skremmande framtid der kvinner ikkje har rettighetar lengre. Me blir kjent med tjenerinna Offred som har ei oppgåve: å føde born.
Boka er filmatisert og kjent for mange gjennom HBO-serien A Handmaid's tale.
Her møter me skodespelaren Rebecca, forfattaren Oscar og Zoé på tretti. Zoé er feminist og avhengig av sosiale medier. Ho har blitt seksuelt trakassert av Oscar i ein tidlegare jobb og no outer ho han på nettet.
Sakprosa for vaksne
Perez synliggjer gjennom eksemplar frå heile verda korleis kvinner ignorerast og diskriminerast. Det er eksempler frå teknologien, naturkatastrofer, sexistisk snørydding, politikk og akademia. Det er ein banebrytande bok som avslører kvifor vi lev i ei verd designa for menn.
Liv Bjørnhaug Johansen er sjukepleiar og forfattar, og i denne boka skriv ho om møter med norske kvinner som gjennom deira historier gir eit kritisk og innsiktsfult bilete av statusen for kvinnehelse i norsk helsevesen.
I denne essaysamlinga er det 12 ulike skandinaviske kvinner som kjem med sine ulike varianter av eit feministisk samfunnsinnlegg. Det er både forfattarar, kunstnarar og aktivistar. Boka er for alle som er interesserte i feministisk tankegods og kulturkritikk i dag.
Målet Gina Krog jobba for var full kvinnefrigjering. Ho jobba for samarbeid mellom ulike klassar, ho var redaktør for det fyrste kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, Nylænde, og ho stifta Norske kvinners nasjonalråd. Dette er biografien om ei av dei sterke kvinnene som endra Noreg.
Heile Noregs Betzy. Ho var ei av dei fyrste kvinnene i bystyret i Drammen, ho var den fyrste og einaste kvinna i landsstyret for Venstre, ho var den fyrste kvinnelege fabrikkinspektøren og jobba for å betre arbeidsførehald og arbeidsmiljølovgjevinga i industrien.
Fredrikke Mare Qvam var ein av dei sentrale strategene i kampen for full stemmerett for kvinner i Noreg. Ho var leiar i Landskvindestemmeretsforeningen og fleire andre kvinneorganisasjonar og stod i spissen for kvinnestemmerettskampen på tidleg 1900-talet.
Hege Duckert skriv i denne boka om korleis generasjoner av norske kvinner har forandra Noreg. Det er historia om små skritt og store steg, historia er både overraskande og inspirerande.
Katti Anker Møller har satt varige spor i kvinnehistoria. Ho var leiande i arbeidet for kvinners makt over eigen kropp og barnas livsbetingelsar. Ho var den fyrste i Noreg som jobba for sjølvbestemt abort.
Mary Beard har her skrivi eit kortfatta, men slagkraftig feministisk manifest. Ho viser korleis mektige kvinner har blitt behandla historisk, korleis me ser på mektige kvinner i dag og korleis mektige kvinner nektar å la seg måle etter mannlige standarer.
Born og ungdom
Cixi skulle leve eit roleg liv som keiserens konkubine, men grunna ulike hendingar blei ho ei av dei mektigaste kvinnene i Kina. Ho styrte landet gjennom krig og opprør, og overlevde tre keisarar.
Marie Curie var den fyrste kvinna som vann ein nobelpris, i 1903 og ho var den fyrste som fekk nobelprisen to gonger, då ho fekk den igjen i 1911!
Her lærer du om fleire kvinner som vann ein nobelpris. Prisen har dei fått for banebrytande arbeid dei har gjort innan fysikk, kjemi, fysiologi/medisin, litteratur, fred eller økonomi.
Emmeline Pankhurst var kvinnesaksforkjemper i England. Ho jobba lenge og hardt for at kvinner skulle få stemmerett. I denne lille, store boka får borna lære om ei sterk og viktig kvinne i engelsk historie.
Her får du 100 fortellingar om 100 ekstraordinære kvinner som har bidratt til å gjere verda til ein bedre stad.
Ei annleis nattabok med sanne historier.
Amina, Sofia og Nancy har i denne boka samla inn historier frå jenter som opplever negativ sosial kontroll. Dei står bak bevegelsen "De skamløs jentene" som fekk negativ sosial kontroll opp i dagslyset og på dagsorden. Boka er ei vidareføring av jobben deira og det blir diskutert meir rundt det å bli konstant begrensa, korrigert og skambelagt. Viktig og opplysande bok for ungdommar og vaksne.
Feministisk førstehjelp for ungdom. Sofie og Ulrikke, kjent for mange frå tv og/eller sosiale medier, skriv her om negative opplevingar frå ungdomstida dei har opplevd fordi dei er jenter. Dei deler raust av eigne personlege erfaringar, målet er å byggje eit jentefellesskap som slår hardt ned på urettferd og trakassering. Dei vil gje unge jenter redskap for å takle vanskelege situasjonar.
Boka er inkluderande og humoristisk, men òg nådelaus, krass og kompromisslaus.
Girlskate handler om Molly som må finne ut av kven ho er og vil være i overgangen mellom born og ungdom. Plutseleg vil alle andre spele fotball, men det ynskjer eigentleg ikkje Molly. Så oppdagar ho skating, og jenter på skatebanen! Ei god forteljing for mellomsteget og opp, om venskap og å ta eigne val.
Ungdomsbok om å vere einaste jente på e-sportlinja på vidaregåande.
Jos har gama så lenge ho kan hugse og alt ho vil er å bli proff. I e-sport er det gutta som dominerer, vil dei respektere Jos? Er ho i det heile velkommen?
God ungdomsbok om å vere jente i eit guttedominerande miljø.